No kan du velja kva nyheiter du vil abonnera på : – Vi blir endå meir lokale

Redaktør Eivind Dahle Sjåstad og Hardanger Folkeblad har no lansert ein ny app.

Redaktør Eivind Dahle Sjåstad og Hardanger Folkeblad har no lansert ein ny app.

Er du frå Odda, Jondal, Lofthus, Kinsarvik, Røldal eller Eidfjord?  Er du spesielt interessert i næringsliv, politikk eller trafikknyheiter? No kan du få pushvarsel når vi publiserer nyheiter du er mest oppteken av.

DEL

— På denne måten vil vi verta endå meir relevante og aktuelle, trur redaktør Eivind Dahle Sjåstad og utdjupar:

— Hardanger Folkeblad dekker mellom anna den største kommunen i Sør-Norge målt i areal og serverer i tillegg dei viktigaste nyheitene frå heile Hardanger. Då veit vi at det er stort spenn i kva dei mange og ulike lesarane våre er mest opptekne av. Derfor vil vi gjera det lettare å abonnera på varslingar og artiklar som lesarane seier dei sjølv er mest opptekne av, seier han.

– Lettare for folk

Hardanger Folkeblad har hatt nyheitsapp lenge, men det er først denne veka at den nye funksjonen vart oppdatert.

Appen kan du lasta ned for iOS fra App store her og for Android-telefoner her


Slik ser varslingane du får på mobilen ut.

Slik ser varslingane du får på mobilen ut.

– Vi publiserer svært mange artiklar, reportasjar og bildeseriar på nett kvar dag og har dei siste åra lagt ned mykje energi i å halda folk oppdaterte både morgon og kveld. No vil vi gjera det litt lettare for folk å oppdatera seg på dei nyheitene dei er mest interessert i, seier Sjåstad.

Det er konsernet Amedia, som eig Hardanger Folkeblad, som forvaltar appane for over 80 aviser og publikasjonar. Funksjonaliteten i appen er noko som har vore etterspurt av brukarar frå ei rekke aviser i lengre tid.

— Appen gir deg moglegheit til å følga inntil 20 emne frå Hardanger Folkeblad. Du kan både få pushvarsel om emna du følger, eller velja at nyheitene samlar seg til deg neste gong du opnar appen. Uansett får du alt du vel å følga i ein eigen nyheitsstraum, seier Jostein Larsen Østring, utviklingsdirektør i Amedia.


Trafikk er populært

Brukarane av appen har over lengre tid etterlyst mogelegheita for å kunne følge spesielt godt med på nokre tema dei er engasjert i.

— Dette ser vi spesielt gjeld yngre brukarar. Denne store oppdateringa har vi jobba med det siste halve året, og har vore grundig testa, seier Østring.

Under testen viste det seg at det er mange som følger med på emnet trafikk, altså små og større hendingar på vegane.

Redaktøren Eivind Dahle Sjåstad understrekar at den nye «for deg»- funksjonen i appen ikkje vil bli ei erstatning for dagens framside, men eit supplement.

— Ein vil framleis kunne gå til framsida og bli oppdatert på siste nytt og det redaksjonen har prioritert som viktigast til kvar ein tid, seier han.

Artikkeltags