No kan du føreslå kandidatar til nasjonal kulturlandskapspris

I 2018 fekk fruktbøndene Marta Bjørgum Meland og Mekjell Meland i Ullensvang kulturlandskapsprisen.
På biletet f.v. ordførar Solfrid Borge, Mekjell, Marta, landbruksdirektør Åse Vaag og Kjetil Mehl, leiar av Hordaland bondelag.

I 2018 fekk fruktbøndene Marta Bjørgum Meland og Mekjell Meland i Ullensvang kulturlandskapsprisen. På biletet f.v. ordførar Solfrid Borge, Mekjell, Marta, landbruksdirektør Åse Vaag og Kjetil Mehl, leiar av Hordaland bondelag. Foto:

Norsk Kulturarv skal også i år dela ut ein nasjonal kulturlandskapspris og treng forslag til gode kandidatar.

DEL

I 2018 vart denne kulturlandskapsprisen tildelt Marta Bjørgum Meland og Mekjell Meland i Ullensvang.

Kandidatane Norsk Kulturarv er ute etter kan verta nominerte av kommunen eller organisasjonar.

Hordaland Bondelag tar gjerne i mot tips til kandidatar, skriv dei på nettsida si.

Send e-post til hordaland@bondelaget.no. Frist for tips til dei er 17. april.

Her er kriteria:

Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet

Det skal bidra til heilskap og mangfald i/for kulturlandskapet

Det skal verna og synleggjera kulturlandskapet

Det skal vera knytt til berekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet

Det skal auka tilgjengelegheita for allmenta til kulturlandskapet

Det skal ha ein læringseffekt om kulturlandskapet

Det skal forankra norsk kulturarv i kulturlandskapet

Det skal visa samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet

Det skal visa samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken