Tradisjonen tru inviterer Eidfjord Automobillag til ei mønstring for beltegåande køyretøy med éi eller to ski framme. I år er oppmøtestad ved Liseth Pensjonat, laurdag 26. mars.

Tidlegare har det kome over hundre til Liseth og over 30 veteranar starta i løpet. Løpet handlar ikkje om å koma først fram, men kan vera flott å sjå på.

«Ikkje nøl, set eit kryss i kalenderen og vær velkommen til Liseth», heiter det i meldinga frå Eidfjord Automobillag, som er arrangør.

Bildeserie

127 veterankøyretøy og hundrevis av menneske samla seg på steintipp i Jondal