Gå til sidens hovedinnhold

– No er det endå større grunn til å markere

Fleire hundre møtte opp for å feire pride i Tyssedal under Tysso Pride laurdag. Hendinga i Oslo natt til laurdag, der to menneske vart drepne og mange skada, sette sitt preg på markeringa. – Etter ei vurdering i komiteen kom me fram til at det er viktigare enn nokosinne å markere, kommenterer Gro Kollbotn i Kraftmuseet til Hardanger Folkeblad laurdag like før arrangementet startar. Paraden gjekk frå Tyssohallen og ned til kaien ved Kraftmuseet. Der var det talar, song og dans, i tillegg til kiosk og bar. Turen for deltakarane gjekk vidare til Odda med siderbåten, der feiringa held fram på Sentralbadet litteraturhus, Iris Scene og utanfor i Porten.

Du har nå sett – No er det endå større grunn til å markere