Gå til sidens hovedinnhold

Niåring kutta seg på badestigen til prestebryggja

Sist veke skreiv HF om ein 6 år gamal gut som måtte til legevakt for å sy etter ein badetur på Lofthus. I helga var det ei ny hending ved den same bryggja. No fryktar leiaren av Lofthus vel at resultatet vert riving av bryggja.

For abonnentar

Sist helg måtte ni år gamle Emilie frå Bergen til legevakt etter å ha klatra opp badestigen på prestebryggja på Lofthus.

Ho kom frå Bergen til Lofthus saman med familien fredag 30. juli.

Dei hadde fått høyra om badeplassen i Haugasundsviki og fekk samtidig tips om at det var lurt å parkera ved kyrkja.

Ved prestebryggja freista det Emilie å hoppa uti.

Ho hoppa først uti éin gong, klatra opp på bryggja og ville gjera det på nytt. Uhellet skjedde då ho skulle klatra opp badestigen for andre gong.

– Ho kom bort til meg og sa ho hadde skada seg. Eg såg med ein gong at det var eit djupt sår. Ho blødde så sjukt mykje og greidde ikkje gå til bilen.

Det fortel mor til 9-åringen, Charlotte Strømme.

Ved legevakta på Odda sjukehus sydde legen fem sting på låret til, like over kneet.

– Det går jo bra med ho, men det var sjølvsagt kjipt at det skjedde. Ein gjer jo det beste ut av situasjonen. Men i staden for å kunna bada saman med dei andre i Mikkelparken laurdag og søndag, halta 9-åringen rundt.

Les også

– Visste tilstanden på bryggja ikkje var god. Men ikkje at det var så gale

– Det tragiske var at me las om han som skada seg på den same badestigen i ettertid. Uhellet kunne vore unngått om me hadde visst om dette.

Undersida av det eine røyret på badestigen har ifylje Strømme sylskarpe kantar. Det var høgt vatn då uhellet skjedde.

På legevakta fekk dei høyra om at det var fleire som hadde skada seg på same badestige. Strømme meiner stigen burde vore sperra av.

– Det er synd ingen tar ansvar for å få stigen fjerna. Det øydela ei fin helg der me skulle bada og kosa oss.

Fem dagar etter hendinga,fortel mor til niåringen at det går fint med Emilie. Såret gror fint, men har gjort vondt kvar dag.

Fann gamalt kart

Prestegardsinspektør Jan Stedje i Opplysningsvesenets fond er i gang med arbeidet med å nøsta opp i kven som har bygd den aktuelle bryggja.

Han har funne eit gamalt kart der det står at det er Ullensvang herad som leiger området der bryggja ligg. Men i ferietida har det vore vanskeleg å få tak i dei rette personane i kommunen. Stedje er òg usikker på kor bindande det gamle kartet er.

– Eg kan ikkje førestilla meg at det er Opplysningsvesenets fond som har bygd den bryggja. Det er kommunen som har med kyrkja å gjera, medan me forvaltar prestegarden. Dersom det er eg som har hatt ansvar for den bryggja, så har eg ikkje visst om det, seier Stedje.

I Ullensvang kommune er det sett i gang arbeid med å finna fram opplysningar i det gamle papirarkivet. I digitalarkivet er det ingen treff.

Stedje i Opplysningsvesenets fond kontakta òg leiaren av Lofthus vel etter det fyrste rapporterte tilfellet om skade. Dei vart einige om å få opp ein plakat som åtvarar om tilstanden på byggja.

Håpar på reparasjon, fryktar riving

Dessverre så kom ei papplata med varsel opp dagen etter uhell nummer to.

– Eg har hengt opp ei papplate som fortel om rusten kai og bading på eige ansvar. Det er utgjort at det skjedde eit nytt uhell kvelden før, seier Fredrik Orvin Tveit når han får høyra om det nye tilfellet.

Han er redd for at tilfella der personar har skada seg, kjem til å resultera i at heile bryggja vert fjerna.

– Fjorden er full av kaiar og bryggjer der alle kan bada. Det står ikkje skilt på nokon av dei. Eg meiner badestigane på prestebryggja bør bli reparerte eller skifta ut, men noko hundre prosent sikkert badeanlegg vert det aldri her.

– Skal ein ha det supersikkert, må det bli som i sommarland i Bø med mjuke kantar, og då blir det ikkje laga til.

Han fryktar altså at konklusjonen fort kan bli at nokon seier «riv driten» og så blir heile bryggja fjerna.

Den aktuelle bryggja er spesielt populær som badeplass blant ungdom. Den er òg nytta som fiskeplass og mange legg inntil med båt.

Inga bekymringsmelding

Therese Kolltveit er verksemdleiar for legevakttenesta i Ullensvang kommune.

Etter å ha sjekka opp med avdelingsleiar, kan Kolltveit opplysa om at det ikkje er send bekymringsmelding på vegner av legevakta.

– Det har ikkje vore av eit slikt omfang at me har send inn bekymringsmelding. Om det har vore dei to tilfella som du nemner, eller om det har vore tre eller fire, det kan eg ikkje svara på. Det er ikkje registrert inn, svarar ho.

Kommentarer til denne saken