Demensaksjonen er Nasjonalforeningen for folkehelsen sin årlege informasjons- og innsamlingskampanje der det vert sett fokus på demens. Målet er å samle inn pengar til forsking på demenssjukdom, i tillegg til gode tiltak for personar med demens i lokalmiljøa.

Den lokale arrangøren i Ullensvang er Kinsarvik helselag. Laget stiller med nokre bøsseberarar, i tillegg til at dei får hjelp av elevar frå Hauso og Kinsarvik skular. Elevane skal gå med innsamlingsbøsser i grendene der dei bur.

Kampanjen vert arrangert kvart år i tilknyting til den internasjonale alzheimerdagen 21. september.