Hardanger Folkeblad har no fått ferjetala for ferejesambanda i Hardanger og Kvinnherad for 2014, og det er slett ikkje lysteleg lesnad for sambandet Kvanndal-Utne-Kinsarvik.

Stabiliserar seg

Men assisterande regionsjef i Norled, Lars Juvik, meiner å sjå at trafikken over Kvanndal-Utne er i ferd med å stabilisera seg. Han syner då til ferjetal for desember der sambandet har ein auke i trafikken på 2 prosent (pbe).

Juvik kan ikkje svara på om det vil skje endringar i kapasitet eller regularitet i dei ulike sambanda.

Overkapasitet

– Det er oppdragsgjevaren vår Skyss som styrer dette, men vi ser at det er overkapasitet i sambandet Utne-Kvanndal og det er også plass til meir trafikk i sambandet Årsnes-Gjermundshamn, seier Juvik til Hardanger Folkeblad.

For sambandet Jondal-Tørvikbygd ser det ut til at ferja er passe stor, og at  det der er kø og ventetid berre på store utfartsdagar.

For Kvanndal-Utne-Kinsarvik er dei totale trafikktala for 2014 på 201974 (pbe) mot 278709 i 2013. Eller ein nedgang på 27,5 prosent. For internsambandet Utne-Kinsarvik er det ingen nedgang, mens trafikken på til dømes Kvanndal-Kinsarvik er halvert.

– Vi hadde forventa meir trafikk over Hardangerfjorden då vi la inn anbod på ferjesambandet. Nedgangen er større enn vi trudde, og vi ser også at Hardangerbrua ikkje når prognosane, seier Lars Juvik.

Norled registrerer også ein liten nedgang på sambandet Årsnes-Varaldsøy-Gjermundshamn.

– Vi trur at dette skuldast arbeidet med Tysse-tunnelen og at vegen over tid har vore stengd i ein halv time om gongen, seier Juvik til Hardanger Folkeblad.

Oppgang på Jondal

For Årsnes-Gjermundshamn er dei totale trafikktala 360364 (pbe) mot 368301 i 2013.

For Jondal-Tørvikbygd er trafikkveksten framleis svært stor –  i 2014 auka trafikken med 17,8 prosent (pbe).

Dei totale trafiktala for dette sambandet er 287349 (pbe) i 2014 mot 243841 i 2013.