Tala er henta frå ei undersøking Ipsos har gjort på oppdrag frå organisasjonen Norsk Friluftsliv.

50 prosent svarer i undersøkinga at dei kunne tenkje seg å driva med fysisk aktivitet i naturen og nærmiljøet eller anna friluftsliv. 25 prosent seier at dei kunne tenkja seg å vera meir aktive i treningsstudio.

– Det er gledeleg at friluftsliv og utandørs aktivitetar framleis motiverer stort blant vaksne. Viss me skal få auka aktivitetsnivået i befolkninga, er det enklast å gjera det med å leggja til rette for aktivitetar som folk har lyst på. Me ser også at aktivitet som ikkje forpliktar for mykje, er viktig for å få ein del lite aktive med, seier generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.

Undersøkinga er basert på intervju av 2.034 personar over 18 år og viser noko overraskande at yngre opplever parkar og natur mindre tilgjengelege enn eldre. Ei av årsakene som blir antyda er at ein del yngre bur på stader dei berre har budd på i kortare tid, og derfor er mindre kjend i området.