Naturvernarar gler seg lovendring som kan redda myrane

Torvmyrane skal få stå i fred for uttak.
Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB scanpix

Torvmyrane skal få stå i fred for uttak. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB scanpix Foto:

Av

Landbruks- og matdepartementet foreslår no å forby øydeleggingar av myr gjennom nydyrking. Det synest Naturvernforbundet er svært gledeleg.

DEL

– Dette er viktig både for å ta vare på biologisk mangfald og for å hindre utslepp av klimagassar, seier fagleiar Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet i ei pressemelding.

Naturvernforbundet har lenge arbeidd for eit generelt forbod mot nydyrking av myr. Regjeringa sende fredag ein lovproposisjon om endring i jordlova til Stortinget. Den gjer det mogleg å innarbeide eit forbod mot nydyrking av myr.

– Myrane har er rikt dyre- og planteliv. Den vakre og raudlista orkideen myrflangre er trua fordi leveområdet til arten, rikmyrane, forsvinn. Også mange mindre synlege artar av insekt, mosar og karplanter har myrområda som sitt einaste leveområde. Dei er blitt meir trua sidan stadig fleire myrar har blitt drenerte, dyrka opp eller nedbygde, seier Håpnes.

Viktige for trekkfuglar, økosystem og som klimadempar

Myrane er også viktige rasteplassar for trekkfuglar og dei er matfat, spel- og hekkeplass for mange andre fuglearter.

Myrene tilbyr viktige økosystemtenester som flaumdempar, vassreinsar og karbonlager.

Nydyrking av myr drenerer bort vatnet. Oksygen slepper til og det store lageret av karbon i torva lek ut i atmosfæren.

– Eit forbod mot grøfting og nydyrking av myr er eit viktig skritt i arbeidet med å få ned klimagassutsleppa frå landbrukssektoren. I dag kjem nærmare 30 prosent av klimautsleppa i jordbruket frå myrer som allereie er dyrka opp. Forbodet mot nydyrking vil hindre at utsleppa aukar endå meir, konkluderer Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet.

Artikkeltags