Ullensvang kommunestyre vedtok tysdag denne veka ei søknadsbasert straumstøtteordning for næringslivet.

Kommunen opnar for innsending av søknader frå onsdag 23. november via portalen Regionalforvaltning.

Det er sett ein relativt kort søknadsfrist: 6. desember. Dette grunngjev kommunen med at målet er å handsama og betala ut straumstøtta før året er omme.