Opnar for sal av nedlagt ferjekai

Slik såg ferjekaia ut då det var drift i ferjesambandet Bruravik-Brimnes. Etter at ferjekaien vart lagt ned, har den tidvis vore leigt ut til mottak av massetransport.

Slik såg ferjekaia ut då det var drift i ferjesambandet Bruravik-Brimnes. Etter at ferjekaien vart lagt ned, har den tidvis vore leigt ut til mottak av massetransport. Foto:

Ferjesambandet Bruravik-Brimnes vart lagt ned då Hardangerbrua opna 17. august 2013. No opnar Fylkesutvalet i Hordaland for at det kan bli ny aktivitet på Bruravik ferjekai.

DEL

Dei ønskjer nemleg å selje ferjekaia, men fylkesutvalet vil først avklare om området kan nyttast til å skape regional utvikling og ny aktivitet.

Nå har Fylkesrådmannen fått i oppdrag å gå i ny dialog med kommunane og lokalt næringsliv om dette. Når dette er avklart, skal saka fram til ny politisk behandling.

Bruravik ferjekai er frå 1976 og omfattar eit område på 8,2 mål med armert betongkai med ferjebås og tilhøyrande asfaltert oppstillingsplass og trafikkareal.

Området husar og eit venterom på om lag 40 kvadratmeter og to billettbuer. Anlegget har dei tekniske installasjonar som er turvande for ei ferjekai.

Vegen og vegkrysset til kaien vart utbetra i fjor for 203 000 kroner.

- Eigedommen har teknisk verditakst på 15,5 millionar kroner, men marknadsverdi er sett til to millionar kroner, opplyser Hordaland Fylkeskommune.

Etter at ferjekaien vart lagt ned, har den tidvis vore leigt ut til mottak av massetransport.

Ulvik herad har allereie synt interesse for kaianlegget etter at eit gründerselskap innan produksjon av fiskefor vil etablere seg der.

Artikkeltags