Overlèt kafédrifta til andre

Røldal: Oddbjørn Lynghammar er snart pensjonist, og har difor planar om å trappa ned. arkivfoto: Kristin Eide

Røldal: Oddbjørn Lynghammar er snart pensjonist, og har difor planar om å trappa ned. arkivfoto: Kristin Eide

Oddbjørn Lynghammar og kona har bestemt seg for å leige ut Skysstasjonen til Mari Haara Ragde.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Ekteparet kjøpte næringseigedommen i Røldal for snart 20 år sidan, men i haust la dei både Skysstasjonen og campingplassen ut for sal.

– Eigedommen er enno ikkje selt. Kokken vår Mari Haara Ragde skal i 2017 driva kafeen og restauranten, samt overta skjenkeløyvet, medan vi sjølve skal drifta campingplassen og utleige av hyttene, seier Oddbjørn Lynghammar, og understrekar at eigedommen framleis er til sals.

Mari Haara Ragde seier ho satsar på å halde Skysstasjonen open fleire helger gjennom året, og håper fleire vil nytte seg av catering.

– Eg trur det vert ein bra sesong i år og. Frå 1. mai og ut august vil vi halde ope kvar dag, opplyser Ragde.

Ho oppmodar folk som tar turen innom seie ifrå dersom dei har nokre ønsker – om alt frå meny til underhaldning.

Artikkeltags