Storsum til dei nye eigarane i Mauranger

Caroline Steine og Harald Andreassen får pengestøtte frå Kulturminnefondet. (Arkivfoto).

Caroline Steine og Harald Andreassen får pengestøtte frå Kulturminnefondet. (Arkivfoto).

Kulturminnefondet har valt å gi 470.000 kroner til restaureringa av Sundal Gjestgiveri.

DEL

Torsdag morgon var sjølvaste direktøren, Simen Bjørgen, i Sundal for å gi dei nye eigarane Caroline Steine og Harald Andreassen eit tildelingsbrev med lovnad om økonomisk støtte til oppussinga dei no skal i gang med.

– Sundal Gjestgiveri er bygd i 1889 i sveitserstil og er eit særeige bygg med høg kulturminneverdi, skriv Bjørgen om kvifor Kulturminnefondet vil støtta eigarane med pengar.

For vel ei veke sidan inviterte dei nye eigarane bygdefolket og andre interesserte til å sjå gjestgiveriet.

Denne saka er henta frå Kvinnheringen.

Artikkeltags