400–500 søkjarar til Hydro-jobbane

Personalansvarleg Eivind Torvik (nærast) og ei gruppe av leiarane i elektrolysen er glade for den store søkjarmassen til Hydro Husnes-jobbane. Rekkja bak f.v. Magne Haga, Ove Hermann Romslo, Øystein Slåke, Terje Johansen (elektrolysesjef), Tore Sjo og Erik Lemicka.

Personalansvarleg Eivind Torvik (nærast) og ei gruppe av leiarane i elektrolysen er glade for den store søkjarmassen til Hydro Husnes-jobbane. Rekkja bak f.v. Magne Haga, Ove Hermann Romslo, Øystein Slåke, Terje Johansen (elektrolysesjef), Tore Sjo og Erik Lemicka.

– Søkjartalet tok seg kraftig opp i helga, seier personalansvarleg Eivind Torvik.

DEL

[KVINNHERINGEN]: Søndag gjekk fristen ut for å søkja på dei 90 nye jobbane ved Hydro Husnes. Tidlegare same veka gjekk bedrifta ut i fleire aviser og oppmoda folk om å søkja.

– Vi var spente på kor mange søkjarar vi ville få, men det tok seg skikkeleg opp med søkjartalet i løpet av helga, smiler Torvik.

No er det alltid slik at mange ventar tett opp mot søknadsfristen før dei søkjer, men Torvik trur medieoppslaga hadde god effekt.

Han tør ikkje seia eit eksakt tal for kor mange søkjarar det er, ettersom fleire har søkt på fleire av stillingane.

– Søkjartalet ligg ein stad mellom 400 og 500 og det er veldig bra, seier personalsjefen.

Søkjartala for dei ulike stillingane ser slik ut: Det var 351 søkjarar til stillingane som prosessoperatørar, 144 søkte på jobbane som operatørar på kai, 28 på køyretøy og 22 på stillingane som energioperatørar. Det blir til saman 545 søknadar, men det er altså nokre personar som har søkt på fleire stillingar.

– Kor mange av søkjarane har adresse i Kvinnherad?

– Det har vi ikkje heilt oversikten på enno, men det i alle fall eit fleirtal av søkjarmassen. Elles er det søkjarar frå heile landet, fortel Torvik.

Personalsjefen er nøgd med kompetansenivået og fortel om mange solide og gode søknader.

– Men om folk er fagarbeidarar eller ei – alle som blir tilsette må uansett gjennom lokal opplæring, understrekar Torvik.

– Vi ser òg på anna bakgrunn enn fagopplæring, legg Tore Sjo til, ein av skift-områdeleiarane i elektrolysen.

Til liks med personalsjefen, gler han seg over den store interessa for jobbane.

– Det er kjekt å ha så mange å velja mellom, seier Sjo.

Intervju

I tida framover blir det travelt med å velja ut søkjarane som skal kallast inn til intervju, fortel Torvik:

– Vi går no gjennom alle søknadane og plukkar ut 100–120 som skal kallast inn til intervju i nær framtid.

Sjølve intervjuprosessen startar neste veke, og vil av plassomsyn føregå i Rosendal.

– På grunn av utbyggingsprosjektet er det fullt her i administrasjonsbygget, fortel Torvik.

Han reknar med at dei første tilsetjingane er klare i slutten av februar.

Då Kvinnheringen snakka med Torvik, var han nett ferdig med eit møte med mange av områdeleiarane for prosessoperatørane i elektrolysen. Ein av dei, Tore Sjo, er også glad for at jobbane ved Hydro Husnes er attraktive:

– Det er kjekt å ha så mange å velja mellom, seier Sjo.

– Vi går ei travel tid i møte og mange vil få eit stort ansvar med å ta imot dei nye. Vi får eit år med mykje opplæring, seier Torvik.

Oppstarten av det som blir ein oppgradert og tipp-topp moderne b-hall, skal skje ein gong i første halvår 2020.

– Det blir ein artig, men krevjande periode framover, legg han til.

Denne saken er hentet fra Kvinnheringen.

Artikkeltags