Gå til sidens hovedinnhold

Nær historisk botnnivå i kraftmagasina

Vasstanden i kraftmagasina i Sør-Noreg er no nær det historiske botnnivået for årstida, viser tal frå NVE. Det varslar høge straumprisar til vinteren.

Noregs vassdrags- og energidirektorat sin statistikk viser at for landet som heilskap er fyllingsgrada 71,3 prosent. Det er 11,8 prosentpoeng lågare enn medianen for veke 43, skriv NRK.

Endå meir dramatisk er situasjonen i Sør-Noreg. I elspotområde 2 er fyllingsgrada no 61,4 prosent. Medianen dei siste 20 åra på 83,8 prosent. Dette området omfattar sørlege delar av Viken, mesteparten av Vestfold og Telemark, Agder, Rogaland og sørlege delar av Vestland.

Fyllingsgrada er svært låg sjølv om vassmengda i magasina auka i samband med regnvêret førre veke.

(©NTB)

Statnett varsler «stram situasjon» for vannmagasinene

Les også

Jona Kraft AS ønsker å bygge kraftverk i Storelvi i Herand

Les også

Har dokumentert ødeleggelsene i Valldalen i ny film

Les også

Her er det berre eit par pøyser att og fisken står tett

Les også

Er du førebudd på 2000 kroner meir i straumrekning - per månad?

Kommentarer til denne saken