«Dei nasjonale og regionale tilrådingane er klare, og i solidaritet bidreg me i den nasjonale dugnaden med å hindra smittespreiing. Eit arrangement av denne storleiken har store ringverknader, også når me no lyt avlysa arrangementet. Me vil bruka tida frametter på å gå i dialog med alle råka partar og freista finna minnelege løysingar i ein svært krevjande situasjon», skriv Hardanger Musikkfest.
Arrangøren bed om forståing for at arbeidet frametter vil ta noko tid.
Dei skriv dei ynskjer å vera offensive i høve mandatet om å gje publikum store og ekstraordinære musikkopplevingar i Hardanger.
Kommentarer til denne saken