Susanne Lundeng til Utne

Solo: Susanne Lundeng spelar på Utne igjen. Arkivfoto: Mette Bleken

Solo: Susanne Lundeng spelar på Utne igjen. Arkivfoto: Mette Bleken

Susanne Lundeng kjem med soloframsyninga «Nesten ikke helt som før» til folkemusikkscena på Utne laurdag 18. mars.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Det er med stor glede me kan presentera Susanne Lundeng med soloframsyninga laurdag, melder formidlingsleiar Helena Kjepso og held fram:

I framsyninga «Nesten ikke helt som før» fortel, dansar og spelar Susanne Lundeng ut kjærleiken til ein nordnorsk folkemusikktradisjon ho kanskje delvis har funne på sjølv. Til tider kan den kjennast som eit åk. Andre gonger er den det viktigaste i verda.

Sjølvironi og alvor

Reisa hennar frå folkedansar via spelekvinne til konsert- og plateartist har gjort at ho stadig har revurdert forholdet ho har til denne tradisjonen. Ein tradisjon som har oppstått og blitt dyrka på heilt anna vis i nord enn sør i landet. Musikken har blitt utveksla der det har vore folk; på fiske, på marknader og på handelsreiser. Kampen for å knytte seg til denne musikktradisjonen og med publikum har paradoksalt nok gjort henne tidvis einsam. Då trøyster ho seg med gamle slåtter og minna av dei ho lærte dei av.

Dette one-woman-showet svingar mellom avslørande sjølvironi og brådjupt alvor. Det er ei forteljing om ein folkemusikksamlar driven av nordlandsk nasjonsbygging. Men òg om ein moderne artist som byggjer si personlege stemme.

Dette skjer også i helga:

Artikkeltags