Draumkvedet: – Stas å få synga saman

Fredag 10. og laurdag 11. januar er det duka for ei stor folkemusikalsk hending i Ullensvang. To av våre fremste kvedarar, Lajla Renate Buer Storli og Berit Opheim, skal formidla Draumkvedet i to mellomalderbygg: Kinsarvik kyrkje og i Agatunet.