Det var NRK Sogn og Fjordane som omtalte saka først.
Pengane skal gå til produksjon av eit søsterskip til «Vision of the Fjords» og «Future of the Fjords». Sistnemnde vart laurdag døypt av statsminister Erna Solberg i Gudvangen. Det skal Brødrene Aa i Hyen bygge.
Dei heilelektriske skipa med si særprega utforming har karbonskrog og elektrisk framdrift. Skip nummer tre i rekka skal heite «Legacy of the Fjords» og vil blir heimehøyrande i Oslofjorden. Totalt gir Enova 22 702 000 kroner i støtte til reiarlaget The Fjords. Med i pakken er og ein landbasert ladestasjon.
Rederiet The Fjords er eigd av Fjord1 og Flåm As og spesialiserer seg på fjordcruise.
Skipa er batteridrivne, stillegåande og har store vindauge og er særskilt eigna til turist-turar.
«Seasight 40» som produsenten kallar modellen, er 42 meter lang, 15 meter brei og har plass til 450 passasjerar.
– Framleis få heilelektriske fartøy i drift
Enova er eit statleg selskap som jobbar for omstilling til lavutsleppsamfunnet. Mellom anna gir dei støtte til energi- og klimavenlege løysingar.
I ei pressemelding frå laurdag seier Enova at eit tilsvarande dieseldrive fartøy ville brukt over 225 000 liter diesel og sleppt ut meir enn 700 tonn CO₂ kvart år.
Enova grunngir utdelinga med at elektrifisering av sjøfarten er ein av dei nødvendige endringane på veg mot lavutsleppsamfunnet.
– Det er framleis svært få heilelektriske fartøy i drift, og det er difor viktig å få opp andelen av utsleppsfrie fartøy i norske fjordar, for å vise at teknologien er tilgjengeleg, seier Enova i pressemeldinga.
Det nye skipet skal etter planen vere klart til drift i august 2019.