Allsidig og spytteklart

... a winning team: Harald H. Alvavoll, Trond Instebø, Jostein Lutro, Per Olav Opedal,Knut Opedal og Magnus Opedal  held koken og er klare for årets morellfestival. Arkivfoto

... a winning team: Harald H. Alvavoll, Trond Instebø, Jostein Lutro, Per Olav Opedal,Knut Opedal og Magnus Opedal held koken og er klare for årets morellfestival. Arkivfoto

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Morellfestivalen er like om hjørnet. Festivalgeneralane og deira gode dugnadsfolk er klare til å gi både lokalt og tilreisande publikum nok ei søt helg - og har som vanleg tinga godvær.

DEL

- Me køyrer tradisjonelt, seier Harald Alvavoll, marknadskoordinator for festivalen som trekk store og små i tre dagar. Han konstaterer at morellene er i rute og at dei skal stå sentralt under festivalen - også i bokstavleg forstand.

I ei pressemelding det sprutar av, presenterer arrangørane årets program. For 21. gong inviterer dei til årets søtaste festival i Lofthus sentrum. Mykje god underhaldning for store og små, salsbuer og andre freistingar – og sjølvsagt NM i morellsteinspytting.

Torsdag opnar ballet på Ekspedisjonen med Det Betales og deira Beatles-hyllest. Her vert og Morellfestivalen sin heiderspris delt ut.

Fredag er det kokk og moromann Frode Aga som styrer kokkekamp, før Kjell Fuglehaug tradisjonen tru tek ansvar for antikvitetar og snurrepiperier. I tunet på Alvavoll, skal trioen Folkelokk varme opp for Odd Nordstoga med band. Sidan er det musikalsk improshow på Ekspedisjonen Utescene.

Andreas Wahl presenterer elektrisk freakshow for dei som tør sjå på, og Aristocats spelar opp til dans i festivalteltet.

Laurdag stiller Mikkel og Mikkeline til frukost og vonar på mange unge svoltne før marknadsdagen tek til. Undervegs er det minikonsertar med boybandet og MGP-artisten Suite 16 og den lokale IDOL-deltakar Olav André Eidnes og vitskapsshow med allsidige Wahl. Før kvelden sig på vert det intimkonsert med Elvira Nicolaisen på Ekspedisjonen Utestove. På kvelden er det Frankie-faktor og full fyr i festivalteltet lovar morellfestgeneralane. Atle Pettersen og hans 11 manns orkester tek scena beat for beat, før dansen kan gå til det countryinspirerte bandet Branson.

Spytting og kle

Andreas Wahl, tittelforsvarar og trippel norgesmeister i herreklassen, fysikar og TV-kjendis, er godt førebudd også i år, og visstnok rekordsugen. Han har sidan 2011 revolusjonert sporten morellsteinspytting med teknikk og eksepsjonell innsikt i dei fysiske lovene, melder arrangørane. Dei viser til eksplosive armrørsler og ein utgangsvinkel for spyttkurva på mellom 43 og 44 grader.

Men Wahl har enno til gode å slå rekordspyttet frå 2003 på 14,24 meter (på innandørs bane) til fire gonger noregsmeister og den lokale morellspyttingsambassadør, Sverre Kleivkås.

I år er det utandørs bane og ein kan pårekna betre oppdrift – så kan hende vert rekorden slått i år. Om ikkje, bør ein kan hende vurdera om spenst i sko kan ha påverknad.

Eit anna årleg spaningsmoment er om morellfamilien Lutro også i år tek på morellkle.

Artikkeltags