Morellpikene

Morellpikene: Frå venstre: Anne Marit Hesthamar, Hege Ertsås Lutro, Siv Monica Olsen, Gunnhild Sverdrup og Torbjørg Gjernes med stoff og stilige plagg.

Morellpikene: Frå venstre: Anne Marit Hesthamar, Hege Ertsås Lutro, Siv Monica Olsen, Gunnhild Sverdrup og Torbjørg Gjernes med stoff og stilige plagg. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Morellfestivalen på Lofthus siste helga i juli er langt meir enn det eksklusive NM i morellsteinspytting, Andreas fysikar Wahl og andre festivalpostar. Det er også «sjå og bli sett» i morellklede.

DEL

Morellpikene har nemleg teke grep no. Kvar veke frå ein gong i mai og mogleg fram til portane opnar inn til festivalområdet, samlast dei med symaskiner, nål og tråd og meter på meter med ulike morelltekstilar, morellmot i bringa og morellvett i toppen. Dette vert omskapa til toppar, skjørt, kjolar og bukser.

Jentene satsar på meir enn eitt antrekk. Festivalen varer heile helga og det er skilnad på påkledning på dag- og kveldstid, må vita. Laurdag føremiddag er viktigaste visningdag. Då gjeld det å sprada eller spasera.

Foto:

Kor fekk dei inspirasjon til årets morellstunt?

Det var for eit par år sidan dei fann ut at dei óg måtte prisa morellene på synleg vis. «Morellfamilien» frå Lutro, like nord for Lofthus har i fleire år stilt opp i morellklede. Mor Wibeke og døtrene Tuva og Nora i kjolar og skjørt, far Asbjørn og son Endre i skjorter. Etter kvart er antrekka toppa med både sko, hårpynt, smykke og anna med morelldesign. Og kvart år har dei fått familieportrett i Hardanger folkeblad. Det har på eit vis vorte eit mål det og; i tillegg til å gle andre festivalgjengarane med ulike høvelege klede til morellene sin pris.

Gjenbruk

Morellpikene: Frå venstre: Anne Marit Hesthamar, Hege Ertsås Lutro, Siv Monica Olsen, Gunnhild Sverdrup og Torbjørg Gjernes med stoff og stilige plagg.
Morellfamilien:  Asbjørn og Wibeke Lutro med borna Tuva, Nora og Endre anno 2015.

Morellpikene: Frå venstre: Anne Marit Hesthamar, Hege Ertsås Lutro, Siv Monica Olsen, Gunnhild Sverdrup og Torbjørg Gjernes med stoff og stilige plagg. Morellfamilien: Asbjørn og Wibeke Lutro med borna Tuva, Nora og Endre anno 2015. Foto:

 

Morellpikene i same bygda har ikkje komme i gang før no. Men no svingar det. Me var innom systova i stova til Hege Ertsås Lutro ein dag i mai. Ho spretta av underkjolen på ein kjole. – Gjenbruk! iført festivalpassande klede: raud topp og morellskjørt. Torbjørg Gjernes låg på golvet med morelltopp på og teikna av mønster til kjole. Gunnhild Sverdrup hadde utfordringar bak symaskina, Siv Monica Olsen klipte mønster og målte opp stoff på bordet - og Anne Marit Hesthamar sprang i mellom med råd og dåd.

– Utan henne hadde det stoppa heilt opp, konstaterer dei andre som ikkje nett kan skryta på seg mykje syerfaring.

Men symaskiner har dei, ei fekk ho til konfirmasjonen, «han kjem nok til nytte ein dag», medan Anne Marit har slite ut fleire. Korkje Wibeke (moralsk støtte med lang morellklede på festival-erfaring) eller Kari var med denne kvelden. Nokon gonger må morelloppkøyringa vika.

Dei satsar friskt. Har dei eit plagg dei likar, teiknar dei av – og syr i morellversjon. Stoff handlar dei både lokalt i Kinsarvik og noko på nett og om dei snublar over noko på reis – som ein morellshorts i Roma.

Det er nemleg ikkje så enkelt å finna stort utval morellstoff. Nokon vil ha det florlett eller tynt, nokre ynskjer stødig bomull, andre vil ha med stretch. Morellpikene ser for seg at entusiasmen også rekk til å sy plagg til døtrer, og ei og anna sløyfe til små og store gutar i familien.

Cherry Ladies

– Dette er gøy og gir meirsmak, forsikrar the cherry ladies, som satsar på kunsten å juksa det til så det ikkje er synleg. For det er ei utfordring å vera nøye nok. Men sjølvtillit og innsatsvilje er det lite å utsetja på.

Dei gler seg til årets morellfestival. Sjølvsagt er det mykje kjekt som skjer, eit par av dei ser me nok og i praktisk arbeid der. Om nokon skulle komplimentera jentene for antrekka og spørja kor dei har fått tak i kleda; kan dei stolt svara som sant er:

– Eg har sydd dei sjølv!

Er du på Lofthus i festivalhelga; sjå etter Morellpikene og Morellfamilien. Har du sett ei, har du ikkje sett alle. Her er det ikkje snakk om å vera lik – men unik.

Artikkeltags