Inviterer til folkemøte: Vil gjera Morellfestivalen endå større og betre

Nøgd: Per Olav Opedal og dei andre arrangørane var nøgde etter årets festival.

Nøgd: Per Olav Opedal og dei andre arrangørane var nøgde etter årets festival. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Me har fått det opp på eit visst nivå. Skal me komma vidare no krev det nytenking, seier morellgeneral Per Olav Opedal.

DEL

– Dersom folk har innspel er det eit bra tidspunkt å komma med det no, seier Per Olav Opedal, ein av medarrangørane til Morellfestivalen på Lofthus.

Årets festival gjekk i solid overskot, og no ønskjer arrangørane å gjera festivalen endå større og betre.

– Skal Morellfestivalen fornya seg?

– Me er opne for fornying. Me har fått det opp på eit visst nivå. Skal me komma vidare no krev det nytenking, seier morellgeneralen.

Nye stemmer

I styret til festivalen kan dei godt tenka seg at det kjem inn nye stemmer.

– Dersom det er nokon som kan tenka seg å bidra er døra open. No har me vakse jamt og trutt – og me er jo avhengige av å ha frivillige med oss. Det blir for tungt dersom berre nokre få skal gjera jobben, og slik er det ikkje heller, men no vil me lodda stemninga og høyra om fleire vil vera med, seier Opedal.

Han viser mellom anna til at dei tidlegare har fått kritikk for at det ikkje er kvinner med i styringa av festivalen.

– Me er opne for å få inn nytt blod.

Ekspedisjonen består

Etter årets braksuksess er styret allereie i gang med planlegginga av neste års festival.

– Me ønskjer innspel på alt frå praktiske løysingar til artistane som opptrer. Dette folkemøtet var noko me lova før årets festival, forklarer Opedal.

Han viser mellom anna til at sentrum av Lofthus blir utvida, og at dette kan vera med og gjera at dei må tenka nytt.

– Så kan me og sjå på om festivalen framleis skal vera over tre dagar – skal me utvida eller korta inn? Me får jo alltid litt innspel, men det er betre å komma med det no, seier Opedal.

Fleire av medlemmene i styret til Morellfestivalen er også drivarane av Ekspedisjonen Skjenkestove på Lofthus, dei vil at nokon andre skal ta over skjenkestova frå 2018. Men dette skal ikkje gå ut over festivalen.

– Ekspedisjonen kjem til å bestå på ein eller annan måte. Me har fått signal om at det er personar som vil driva vidare, utan at det er bestemt noko endeleg, fortel Opedal.

Han håpar folk vil møta opp klokka sju på Ekspedisjonen fredag kveld.

Artikkeltags