Moped stolen på natta

DEL

Natt til måndag vart ein scooter eller moped stolen frå Sjukehusvegen i Odda.

Det opplyser politiet i Hardanger på Facebook.

Den skal vere gul og kvit.

Det vart observert minst ein person i området på det aktuelle tidspunktet.

- Dersom andre har opplevd at ting har vorte stole i same tidsrom, eller observert mistenkeleg aktivitet, ta kontakt, oppmodar politiet.

Mogleg skildring av personen er: om lag 175 cm høg, mann, mørke klede. Vanleg kroppsbygning.

Det skal vere snakk om ein eller fleire personar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken