Det var med djup sorg vi i kollegiet ved Odda vidaregåande skule fekk meldinga om at vår gode kollega gjennom mange år var gått bort.

Bente starta hos oss som reinhaldar i 1997, og vart kantinestyrar i 1999. Ho har betydd utruleg mykje for både elevar og tilsette desse 25 åra. Bente var oppteken av kvalitet i reinhaldet og god drift av kantina. Ho var aldri vanskeleg å be dersom det var noko ho kunne hjelpe til med, og har hatt ansvar for å organisere ei heil rekke arrangement og sosiale tilstellingar ved skulen.

I kantina jobba ho effektivt, samtidig som ho alltid tok seg god tid til ein prat med dei som måtte trenge det. Kantina til Bente handla om mykje meir enn mat. Bente har vore ein enorm ressurs for skulen når det gjeld å ta vare på elevane. Ho skapte ein hyggeleg og inkluderande atmosfære i kantina og aulaen, og ho såg alle. Hundrevis av elevar har fått trøyst og gode råd av Bente i løpet av åra ho har jobba ved skulen. Ho var ei som elevane kunne dele både sorger og gleder med. Dei kunne lesse av seg både frustrasjon og eufori, og vart alltid møtt med støtte og anerkjenning.

Bente var også ein støttande kollega, og ein god ven. Ho var alltid der med eit smil og eit godt ord, og det var tydeleg at ho verkeleg brydde seg om dei ho hadde rundt seg. Ho var alltid genuint opptatt av deg og dine. Bente hadde ei eiga evne til å skape gode relasjonar til alle. Ho var klok og kunnskapsrik, og uvanleg raus. Ho såg det beste i alle menneske, og snakka ikkje negativt om andre. Ho var varm og omsorgsfull, og fylt av omtanke. Ho var lett å prate med. Bente var dessutan flink til å lytte, og var engasjert til stades i samtalen. Du kjente deg verdifull når du snakka med Bente.

Bente likte seg best i kulissene, og gjorde lite for å trekke til seg merksemd. Med gjenkjenneleg latter og eit energisk vesen var ho likevel ei som blei lagt merke til. Bente var ei solstråle som inspirerte dei rundt seg. Ho hadde god sans for humor og eit smittande smil. Ho var positiv, og ein sann humørspreiar, både før og etter ho vart sjuk. Det er vanskeleg å sjå for seg aulaen utan Bente. Ho har vore ein viktig del av skulekvardagen for både elevar og tilsette ved Odda vidaregåande. Det blir veldig rart og tomt utan denne muntre, fargerike, arbeidsame og kreative dama på skulen.

Tankane våre går til familien i denne tunge tida. Vi håpar dei kan finne trøyst i at Bente vil bli hugsa og sakna av svært mange. Bente gjorde skulen til ein betre stad å vere. Vi er heldige som har kjent ho.

Varm helsing frå kollegaer ved Odda vidaregåande skule.