«Landbruks- og matministeren Sandra Borch og statssekretær Aleksander Øren Heen har invitert ordførere i Hardangerregionen og lokal villreinforvaltning til et digitalt innspillsmøte torsdag 1. desember», stadfestar Landbruks- og matdepartementet til Hardanger Folkeblad.

Departementet ønskjer å få innspel på dei faglege råda som Mattilsynet og Miljødirektoratet la fram om vidare forvaltning av villrein på vidda, og handsaming av skrantesjuka i Noreg. Rådet om uttak av bukk i vinter har skapt sterke reaksjonar lokalt.

Bildeserie

Ådne (23), Stig (19), Håkon (27) og Nils Vetle (26) reiste over fjellet for å gjera opprør

Følgande ordførarar er inviterte til møtet: Anders Vatle (Eidfjord kommune), Hans Petter Thorbjørnsen (Ulvik Herad), Petter Rukke (Hol kommune), Jan Gaute Bjerke (Nore og Uvdal kommune), Viel Jaren Heitmann (Rollag kommune), Steinar Bergsland (Tinn kommune), Jon Rikard Kleven (Vinje kommune) og Roald Aga Haug (Ullensvang kommune).

I tillegg er følgande representantar for lokal villreinforvaltning inviterte: Tilsynsutvalet i Vestland – Hardangervidda nasjonalpark, Hardangervidda Villreinutval, Hardangervidda Villreinnemnd, Villreinrådet i Norge, Hardangervidda Grunneiersamskipnad, Fjellstyra på Hardangervidda og Norsk villreinsenter Sør.