Monsen mobiliserer for miljøet: – Viss du må på do i terrenget, er ormegras ei løysing

Ut på tur igjen: Følg Lars Monsen minutt for minutt i sommar på NRK.foto: Håvard Jenssen/NRK

Ut på tur igjen: Følg Lars Monsen minutt for minutt i sommar på NRK.foto: Håvard Jenssen/NRK

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Ikkje etterlat søppel i terrenget, formanar Lars Monsen, som satsar på direktesendt tur-TV i sommar.

DEL

Først blir det fem timar direktesending under rubrikken «Minutt for minutt» om formiddagen. Seinare blir det høgdepunkt i «Sommeråpent»-regi på kveldstid. Primus motor er Lars Monsen, som inviterer til dobbeltpremiere på NRK1 torsdag.

Saman med andre i produksjonen og utvalde av gjester skal han besøkja Hardangervidda, Jotunheimen, Vesterålen og Indre Troms den neste månaden.

– Eg håpar det vil inspirera folk til å reisa på tur sjølve, og ikkje minst til å verdsetja det fantastiske vi har å by på av natur i Noreg, seier Monsen til NTB før avmarsj.

– Litt av poenget er å læra ikkje å gløyma dei små tinga. Når du blir tørst er det til dømes ingenting som smakar som norsk fjellvatn. Det er berre å dyppa koppen i bekken.

Stolt friluftsmann

Veteranprogramverten frå Oslo Aust håpar også at publikum vil følgja eksempelet hans når gjeld graden av forsøpling undervegs. Nøkkelomgrepet er «sporlaus ferdsel».

– Noko av det eg er mest stolt av som friluftsmann, uansett kor eg reiser, er at eg lét etter meg minst mogleg, seier 55-årige Monsen.

– Det einaste som skal vera att når du forlèt ein leirplass, er oske frå bålet. Ikkje eingong aluminiumsrestane frå innsida av ein suppepose er greitt, formanar han.

Heller ikkje toalettpapir er i tråd med bodet til Monsen.

– Viss du må på do i terrenget, er ormegras ei løysing. Etterpå legg du nokre steinar oppå. Om du likevel må bruka papir, tek du det med deg i ein plastpose og kastar det seinare.

Mobillaus ferdsel

Monsen kallar det nye TV-konseptet «ein hyllest til Turistforeininga». Startetappen går frå Dyranut til Stigstuv, i bedageleg dagstempo. For som sjefen sjølv peikar på: Dette er «seinfjernsyn».

– Vi er i naturen for å slappa av, senka skuldrene og lada batteria, seier han.

– Det handlar ikkje om å gå fortast eller bera tyngst. Det handlar om å oppleva stilla, roa og harmonien. Og du treng ikkje oppdatera Facebook heile tida. Du må gjerne leggja frå deg mobiltelefonen.

– Ja, korleis stiller Lars Monsen seg til sosiale medium?

– Vel, ein kamerat gjorde meg merksam på at eg hadde 60.000 følgjarar på Facebook. «Eg har jo ikkje noko Facebook-side,» svarte eg. Men då forstod eg at eg måtte ta kontroll over sida, og i dag har eg nesten 320.000 følgjarar. Men eg er ikkje den som legg ut kva eg har på frukostskiva – det går gjerne fem veker mellom kvart innlegg.

Troms-eventyrlysten

– Kva gler du deg mest til av dei fire rutene du skal ut på?

– Eg har vore innom alle før, og vil ikkje seia at eg gler meg meir til nokre enn andre. Viss eg blir tvinga til å velja, må det bli den siste. Den totale villmarka i Indre Troms er heilt fantastisk. Viss vi får godvêr der, blir det ein kjempetur.

– Kva pakkar du alltid i ryggsekken?

– Det blir kniv, fyrstikker og fiskeutstyr. Og så er trekoppen litt viktig, innrømmer Monsen overfor NTB.

– Denne gongen tek eg med ein kopp eg fekk av Joralf Gjerstad.

(©NPK)

Artikkeltags