Rekordbesøk i Mikkelparken

Onsdag var det rekordbesøk i Mikkelparken. Torsdag, då dette biletet var tatt, var det også mykje folk.

Onsdag var det rekordbesøk i Mikkelparken. Torsdag, då dette biletet var tatt, var det også mykje folk.

Artikkelen er over 3 år gammel

Også i Kinsarvik har finvêret blitt godt lagt merke til dei siste dagane. Onsdag var det rekordmange som vitja Mikkelparken, 2852 personar, mot fjorårets rekord på 2600.

DEL

– I fjor fekk me også rekorddag då sola kom. Det var nok finvêret som gjorde at mange tok turen, seier ein fornøgd marknadsansvarleg Lars Instanes.

Han fortel at det er veldig mange som kjem på dagstur til Kinsarvik på slike dagar.

– Det gjekk veldig fint. Det er alltid like spennande å sjå: Har me nok is? seier han lattermildt.

Is var det heldigvis nok av, og alle fekk plass sjølv om heile Kinsarvik fylte seg opp med bilar.

– Me kunne sjølvsagt hatt større basseng på slike dagar, men det er ikkje like mange som vil bade når det ikkje er sol, seier Instanes.

Han seier det har vore ein god sesong så langt, og grovt rekna vil han seia at dei ligg over fjorårets besøkstal.

- Nytt i år er at ein kan kjøpe billettar på forhånd. 900 hadde kjøpt billettar på forhånd på rekorddagen. Dei kan gå inn i eigen inngang for at ein kan koma inn raskare i parken, fortel Instanes.

Artikkeltags