Gå til sidens hovedinnhold

Meldt om arbeidsulykke på TTI – person skal ha fått straum i seg

Vest politidistrikt melder om ei arbeidsulykke på Tizir i Tyssedal.

Ein person skal ha fått straum i seg, melder politiet på Twitter klokka. Meldinga om ulykka kom inn klokka 09.12.

- Personen er bevisst, men skal ha brannskadar på hendene.

Ambulanse og politi er på staden.

- Det er uvisst kva straummengde personen har fått i seg. Politiet har starta undersøkelsar på staden, og skal sjå på årsak til ulykka og førebyggande arbeid, seier lensmann ved Hardanger lensmannskontor, Terje Kvalvik

Han opplyser at Arbeidstilsynet skal vere varsla om saka.

Kommentarer til denne saken