Gå til sidens hovedinnhold

Meldingar om vinglebilar og fleire trafikkontrollar

Politiet har i helga fått inn fleire meldingar om vinglebilar

– No har det for fullt starta med meldingar om vinglebilar. Dette er eit kjent sommarfenomen her, og fredag fekk me inn melding om tre ulike bilar, seier fungerande lensmann, Øystein Torsnes.

Dei skal ha vorte observert ulike stader langs rv. 13 og E134.

– I dei fleste tilfella har me ikkje kapasitet til å rykke ut på desse meldingane, men dersom me er i posisjon kontrollerer me dei, seier Torsnes.

Vidare gjennomførte politiet laserkontroll på Seljestad, E134, laurdag kveld.

Der vart det delt ut sju forenkla førelegg, og høgaste hastigheit var 96 km/t i 80-sona.

Seint søndag kveld hadde UP gjennomsnittsmåling i 70-sona ved Nordrepollen. Der vart det gjeve ut eitt forenkla førelegg, for 94 km/t.

Kommentarer til denne saken