Rundt midnatt kom det meldingar at det var mykje bråk på Eitrheim i forbindelse med Amcar-treffet der. Svein Buer ved politiet fortel at det skal ha vore snakk om bilkøyring og høg musikk.
– Det kom ein del klager. Me var ute og prata med dei, og eg trur det løyste det, seier Buer.
Noko seinare på natta, rundt klokka 02:30, fekk politiet meldingar om nokon som banka på dører i Bygda i Odda.
– Då me kom nokre minutt seinare var personen borte.
Elles opplyser Buer at dei har fått ein del meldingar dei siste dagane om nokon som går og kjenner på bildører i Odda.
– Eg vil oppmoda innbyggjarane om å låsa bilane sine. Dersom ein observerer dette, vil me gjerne ha beskjed om det, avsluttar han.