Melby: Det tek litt tid å finne dei gode skuleløysingane

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) trur skulane vil finne gode løysingar over tid.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) trur skulane vil finne gode løysingar over tid. Foto:

Av

Barneombodet er uroleg for lokale skuleforskjellar etter skuleopninga. Kunnskapsminister Guri Melby (V) ber elevar og foreldre gi skulane litt tid.

DEL

Førre veke opna alle skulane i landet etter å ha vore koronastengde sidan 12. mars. Men dei siste dagane har fleire medium meld at elevar får vere på skulen få dagar i veka. Blant årsakene er problem med skuleskyss og for tronge lokale.

I eit brev til kunnskapsministeren ber barneombod Inga Bejer Engh regjeringa om å kartleggje om rettane til opplæring blir oppfylte og setje i verk tiltak.

Kunnskapsminister Guri Melby (V) understrekar at det er opplæringslova som gjeld, og at alle barn skal få eit fullverdig opplæringstilbod, men at det kan vere i kombinasjon med til dømes heimeundervisning.

– Det vi ser, er at med dei smittevernreglane vi har, er det ikkje mogleg over alt å gi det same tilbodet som ein gir til vanleg. Det er ikkje mogleg over alt å ha alle elevane samtidig på skulen om ein skal sikre avstand og mindre grupper, og det er ikkje mogleg å ha fulle dagar for alle elevar, sa ho i Politisk kvarter på NRK onsdag morgon.

– Skulane treng tid

Melby ber elevar og foreldre gi skulane litt tid til å kome skikkeleg i gang med det nye opplegget.

– Det tek litt tid å finne dei gode løysingane, så eg trur nok at mange òg etter kvart vil finne gode løysingar som gjer at fleire kan kome meir på skulen, sa ho.

Leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet seier i Politisk kvarter at lærarane no prøver å gjere det beste ut av ein ganske vanskeleg situasjon. Han ønskjer ein politisk diskusjon om forventningane ein kan ha til opplæringstilbodet barn og unge skal ha framover.

– Eg trur vi må innsjå at med dei smittevernreglane som gjeld no, så kan det tyde at det tilbodet blir noko redusert. Då er spørsmålet kva det skal tyde, også for det likeverdige opplæringstilbodet.

Planlegg for etter sommaren

I åtte veker har skulane vore stengde og norske elevar har fått digital heimeundervisning før dei opna att førre veke. Når skulane no har opna, har mange skular delt opp skuleveka mellom undervisning i klasserom, uteskule og heimeskule for å følgje smittevernreglane. Nokre skular har kunna gi elevane fulle skuledagar, medan andre skular har gitt elevane fire timar klasseromsundervisning i veka, ifølgje Aftenposten.

Barneombod Bejer Engh understrekar at perioden frå mars fram til sommarferien, med ein amputert skulekvardag, utgjer ein tredel av skuleåret.

– Dette er ikkje vond vilje hos nokon, men eg oppmodar regjeringa til å heile tida evaluere smitteverntiltaka og grada av dei i skulen og vege dei opp mot kostnadene dei har, seier ho.

Kunnskapsminister Melby understrekar at ho og skulane no jobbar med å finne løysingar på kort sikt, men også med planleggje for det som skjer etter sommaren.

– Det er ingen tvil om at å drive skule med dagens smittevernrettleiarar er svært krevjande. Skal den situasjonen vare ved over lang tid, som eg meiner vi må førebu oss på, så er den viktigaste jobben å sikre at vi då har gode planar for korleis vi skal sikre alle barn god opplæring, seier ho.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken