Veterinær-situasjonen i Indre Hardanger – kommunalt ansvar og problem for jordbruket

Av

Myten om at unge, nyutdanna dyrlegar berre vil arbeida med kjæledyr er stort sett tull.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 uker

MeiningarVeterinærtenesta i kommunane Odda, Ullensvang og Eidfjord slit med å få økonomi i den daglege drifta, og har vidare problem med å oppretthalda 3-delte vakter utanom fast arbeidstid. I avisa Nationen 8. februar er dette problemet løfta fram som eit landsdekkande problem, og lokal veterinær Synnøve Vestrheim er brukt som eksempel.

Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag har vore kontakta om dette i førkant av dei lokale veterinærane, og me har hatt dette som orienteringssak på styremøte. Når me fekk vita at det skulle vera eit møte mellom kommunane(over) og veterinærtenesta, valde me å avventa situasjonen.

Møtet som var planlagd til den 7. februar vart utsett av årsaker me ikkje kjenner til, og nytt møte er sett til den 16.februar.

Husdyrhaldet i kommunane våre er totalt avhengig av at det er ei god veterinærteneste lokalt. Dei fleste av innbyggjarane våre vil skjøna at dei strenge norske lovene om god dyrevelferd og rask handsaming av dyr ved sjukdom er avgjerande for folk sin tillit til norsk matproduksjon. Det er den generelle utviklinga i jordbruket som gjer at husdyrhaldet i mange distrikt vert mindre. Dermed vert og inntektsgrunnlaget for høgt kvalifiserte vetrerinærar med lang utdanning redusert i område som Odda, Ullensvang og Eidfjord.

Sauetalet held seg nokså stabilt, og våre lokale veterinærar er «gode på sauer», men arbeidsmengden gjennom året er ikkje godt fordelt lenger fordi andre husdyrproduksjonar minkar.

Myten om at unge, nyutdanna dyrlegar berre vil arbeida med kjæledyr er stort sett tull. Det er høvet til å skaffa seg ei inntekt i husdyrhaldet totalt som er problemet.

Kva gjer så kommunane med dette problemet? Så langt har våre kommunar ikkje hatt eigne utgifter med veterinærtenesta då staten løyver ulike tilskot for å oppretthalda vaktteneste. Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag bed kommunane om å ta problemet på alvor. Eigentleg burde dette kommunale arbeidet løftast opp på høgste plan i kommunane fordi det truleg vil innebera kommunale midlar i tillegg til dei statlege. Som fagpolitisk organisasjon for bønder og småbrukarar vil me syta for at Norsk Bonde- og Småbrukarlag i årlege tingingar med staten ser på dette, og freistar betra på situasjonen.

Som lesarane vil sjå, endringar i jordbrukspolitikken får ikkje berre verknad på jordbrukslandskapet som reiselivet og kommunane er avhengig av. Endringane medfører også at andre næringar med høgutdanna folk ikkje finn næringsgrunnlag i vårt distrikt. Dette burde vekkja til gode reaksjonar frå kommunar som skal bli næringsretta og innovative om 3 år frå no. Hugs at dyrehelse og dyrevelferd er nedfelt ved lov.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags