Gå til sidens hovedinnhold

Det er kun i enkeltes luftslott at lusne kraftinntekter er meir verd enn Opo

opo

Artikkelen er over 3 år gammel
For abonnentar

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Med ein publisert flaumlukerapport, eit folkemøte arrangert av NVE, og ein Opo-marsj som trekte fleire hundre oddingar og tilreisande til ei markering langs elva, har det vore ein hektisk start på april, særleg for dei som ynskjer at Opo skal leve i framtida. Og det er mange. Veldig mange. Dei som tvilte, er ikkje i tvil. Og dei som i kommunestyresalen mangla eit alternativ, har no fått eit svært godt alternativ.

Flaumluka er dimensjonert slik at den sikrar områda kring Sandvinvatn mot flaumar som er større enn den som råka Odda i 2014. Ein såkalla 200-årsflaum, og tilfredsstiller dermed kriteria for flaumsikring av bustader – bustader som per i dag, ikkje har noko flaumsikring. Høgdekota på ein skadeflaum kan ifølge Multiconsult justerast i samarbeid med dei råka, slik at løysinga vil fungere optimalt. Luka vil også redusera skade frå alle flaumar – og hindrar vatn i å renne ned Røldalsvegen ved eit katastrofescenario. Men akkurat som med kraftverket til SKL – vil ikkje denne løysinga heller, hjelpe dei som bur på Hildal. Effekten ei slik luke har på vannstanden i Sandvinvatn – er så stor, at det skil lite om ein tappar ned eit halvt-, eit- eller to døgn i førevegen. Skilnaden vil derimot koma i nedre del av Opo, som ein litt større flaumtopp. Men det har ikkje så mykje å bety – då Opo nærast er sikra mot to gonger mengda vatn som kom i 2014, tilsvarande ein 500-årsflaum med 40 % klimapåslag – eller vel ein 1000-årsflaum etter «dagens status». Uansett vil ein alltid vera tent med å regulera Sandvinvatn i riktig tid.

Dei positive sidene ved ei flaumluke, er eigentleg motsett av alle dei negative sidene ved ei kraftutbygging i Opo

– Ein fjernar ikkje vatn frå Opo, og dermed vert både landskapselement og den utryddingstrua storlaksen vareteke.

– Ein opphevar ikkje vernet til eit vassdrag, som har vore verna mot kraftutbygging i 45 år.

– Ein vil ikkje få forureiningsproblematikk i Sørfjorden, og dermed risikere at det suksessfulle miljøarbeidet til Boliden og TTI har vore forgjeves. Det å unngå ei reaktivering av desse miljøgiftene vil trygge arbeidsplassar innan industri og reiseliv – framfor å risikere dei.

– Campingplassen blir der den er i dag, og dei velbrukte turstiane rundt Hovden og til Jordal vert varetekne. Særleg Jordalsvegen er viktig for dei med nedsette bevegelsesfunksjonar, som kommunen har uttrykt dei skal leggje til rette for.

– Anleggsarbeidet vil ikkje «invadere» nabolag eller skape frykt for tungtransport, steinras, gass, energistråling- eller lekkasjar frå vasstunnelar – slik heile vestsida av Odda kan bli utsett for, ved eit kraftverksprosjekt.

– Ein tek vare på ei målsetting om trygging av innbyggjarar, og samstundes ei utvikling – med trygging/skaping av arbeidsplassar. Og ein sender dei riktige, løysingsorienterte signala til kommunane ein skal slå seg saman med.

– NVE har vore flinke å bruka lokal arbeidskraft i sitt sikringsarbeid av Opo – og flaumluka burde vere svært interessant for lokale entreprenørselskap. Slik kan høge summar bli verande lokalt – framfor at dei vert flagga ut, som er tilfelle når SKL hentar inn utanbygds-entreprenørar for å driva sitt tunnelprosjekt.

«Ordføraren er bekymra for at kommunen må styra flaumlukene»

Hittil har ordføraren ført saka til Sunnhordland Kraftlags favør, så det var difor lite overraskande at dagen etter flaumlukerapporten vart publisert – starta han å konstruera problema med ei slik løysing: «Kven skal drifta og styra lukene?»

Multiconsult hadde svar i rapporten: Dei antok at ein drifts/vedlikehaldsavtale med eit energiselskap, som brukar flaumluker til drift av alle sine kraftverk, ville kosta 100000-150000kr/årleg.

Sidan kommunen har så god kontakt med SKL – kan ein jo høyre med dei? Statkraft i Tyssedal? Statnett i Mauranger? Hydro i Røldal? Odda Energi?

NVE svarte på folkemøtet at luka ville ha byggetid på omtrent eit år – og at det bør gjerast eit politisk arbeid for tilleggsbevilling til ei slik luke. Kan ein i kommunestyret i Odda seie at ein har gjort ein storpolitisk innsats for å vinne fram til ei slik bevilling? Resultatet av dagens flaumsikring og elvepromenade frå NVE – er mykje å takka Odda Høgre for, som den gong jobba fram midlar etter 2014-flaumen. Det var ikkje sjølvsagt – men dei klarte det. Kanskje dei vil prøva seg igjen med eit godt sikringsalternativ på hand? Veljarane i den nye storkommunen, følger nok godt med på kven som verker løysingsorienterte i ei sak som engasjerer heile samfunnet.

Samfunnsnytta til flaumluka

Multiconsult har berre berekna samfunnsnytta av ei flaumluke, oppstraums Sandvinvatn – dette grunngjev dei med at elva nedstraums, allereie er godt flaumsikra, og det difor er lite å tena på å redusera flaumtoppen ytterlegare.

Med dei spådde 40 % auke i nedbør og flaumar fram i tid, har flaumlukeprosjektet ein noverdi for samfunnet kring 220 millionar – og med ein investeringskostnad på 100 millionar, vil prosjektet gi ein samf.økonomisk gevinst på 120 millionar kronar i reduserte flaumskadar i områda kring Sandvinvatn.

Det vart litt tal og uttrykk her, men enkelt og greitt kan flaumlukeprosjektet samf.økonomisk forsvaras viss ein tenkjer seg at det skal bli nedbørsauke fram i tid – og det må ein jo leggja til rette for i denne samanheng òg – for det er eit av hovudargumenta for å forsvara eit kraftverksprosjekt i Opo.

Kva økonomisk gevinst har Opo for Odda – sett i eit evigheitsperspektiv?

Når ein først er inne på det økonomiske aspektet i denne saka, så kjem ein ikkje unna kva Odda som oppblomstrande- og framtidig turiststad kan i all framtid, tene på å ha sentrumsnære attraksjonar – som gjer at turistane ynskjer å bli verande ein dag ekstra. Med ei levande elv, som renn fritt frå fjell til fjord, langs den fantastisk flotte elvepromenaden og utnyttinga av verneverdige bygg frå den kraftkrevjande industrien som bygde landet vårt – har vi eit stort potensial for å lukkast med dette. Men – for å lukkast, er dei verneverdige industribygga fram i tid, like avhengig av den levande krafta elva gir i dag, som den gong smelteomnane gjekk for fullt.

Trygve Bolstad, leiar i «nye Ullensvang AP» uttalte nyleg i Hardanger Folkeblad at «distriktet vårt er meir enn berre Trolltunga», «vi vil ha fokus på å etablera nye arbeidsplassar, mellom anna innan reiselivet» og «den nye kommunen er uslåeleg når det kjem til naturattraksjonar, frå fjord til fjell». Eg kunne ikkje vore meir einig, men med utsegnene til Bolstad er det difor eit paradoks og samstundes svært forvirrande – at han er ein av dei som har gått inn for å leggje Opo¬, Odda sitt mest sentrale landskapselement, i røyr. Men det kan jo hende at AP-politikaren med ny kunnskap frå NVE og Multiconsult, no vel å satse på flaumlukealternativet – som vareteke flaumsikring og fullt støttar opp om utsegnene til den nyvalde leiaren i «nye Ullensvang AP»?

Trur nye Ullensvang kommune vert uslåeleg på naturattraksjonar: – Distriktet vårt er meir enn berre Trolltunga 

Kortsiktig: kraftverk. Langsiktig: flaumsikring

No må Odda kommune avgjere kva signal dei vil sende til samanslåingskommunane Jondal og Ullensvang – visa at ein gjer det som er best for innbyggjarar og miljø – og tek satsinga på naturattraksjonane og reiselivet i den nye storkommunen på alvor. Det blir svært lett å sjå på dei kommande kommunestyremøta, og det er ei oppfordring til alle lesarane til Hardanger Folkeblad – legg merke til kven som ynskjer kraftverk med etterverknader – eller framtidsretta flaumsikring i det varig verna Opo-vassdraget.

Kommentarer til denne saken