Melete (23) bur i Odda: - Det er viktig for meg å kunne hjelpe andre

TV-aksjon:Melete med «ambassadørplakaten» for årets TV-aksjon som foregår på søndag. Foto: Francine M. Jensen

TV-aksjon:Melete med «ambassadørplakaten» for årets TV-aksjon som foregår på søndag. Foto: Francine M. Jensen

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

TV-aksjonen: Mange innvandrarar til Noreg synest det er vanskeleg å bli kjent med nordmenn. For eritreiske Melete (23) vart frivillig arbeid i Kirkens Bymisjon ein måte å skape seg eit nettverk på. No har ho flytta frå Bergen til Odda for å gå VK2 på helsefagarbeidar-utdanninga.

- Det er veldig kjekt å gå på skulen, men det er òg litt vanskeleg. Eg er ikkje så flink i norsk. Men eg trur eg skal klare det! seier Melete. Som barn drøymde ho om å bli sjukepleiar eller lege, men no ser ho fram til å kunne arbeide med eldre – eller med barn.

Etter fleire år i Bergen har ho teke spranget til ein førebels ukjend stad. – Eg kom ikkje inn på VK2 i Bergen, og eg ville ikkje misse eit år. Difor går eg her no, forklarar ho.

Men det er éin ting ho saknar i Odda: Her kan ho ikkje jobbe frivillig i Kirkens Bymisjon.

– Eg er på skulen til klokka 15. Og då stenger tilbodet til Kirkens Bymisjon her. Etter klokka 15 har eg god tid. Då ville eg gjerne skaffa meg arbeidspraksis, eller jobbe frivillig. Men eg har ikkje funne nokon som har bruk for meg, slår ho fast.

– Det er litt synd. Det er viktig for meg å kunne hjelpe andre.

For Melete har frivillig arbeid vore ein døropnar til å bli kjent med folk. – Eg vil jobbe, og eg vil integrere meg. Bli kjent med andre sin kultur, seier ho. – Noreg er eit demokrati, og det set eg stor pris på. For Eritrea er eit farleg land å bu i. Det er eit diktatur, og du kan ikkje seie eller gjere kva du vil. Her i Noreg kan eg gå kvar eg vil og gjere det eg vil. Dersom nokon seier stygge ting til meg, forsøker eg å gløyme det, legg ho til. - Når vi er i eit demokratisk land, kan vi seie meininga vår. Men det er ikkje rett å fordømme andre utan å kjenne dei. Vi menneske må støtte kvarandre og ha empati, sjølv om vi er ulike.

Melete kom til Noreg i 2012 etter fleire år på flukt. – Familien min drog frå Eritrea i 2007. Vi har budd i Sudan, Etiopia og Italia, fortel ho. I Noreg har ho ei tante som bur i Oslo, og ei kusine i Bergen. Det er det heile. 

I Bergen jobba ho frivillig i Bamsehiet, eit aktivitetstilbod for barn opp til 12 år. – Det var veldig kjekt! Vi leika og vi laga mat, og dei spurde meg om alt mogleg, ler ho. – Eg gleda meg i mange dagar til eg skulle ha ein frivillig-vakt i Bamsehiet! Når eg er ferdig med skulen, vil eg gjerne jobbe med barn, seier ho oppglødd.

Ho får dei beste skussmål av Kristine Moskvil Thorsen i Kirkens Bymisjon i Bergen. – Ho har vore ein kjemperessurs for oss! Ho gav verkeleg av seg sjølv då ho var frivillig, seier Kristine.

Melete har også lyst til å jobbe med eldre. - I heimlandet mitt har vi respekt for dei eldre, og dei bur heime hos familien sin. Farmora mi budde hos oss då ho vart gamal. Mor mi var heimeverande og tok seg av henne. Vi må behandle dei eldre godt, meiner 23-åringen.

Kirkens Bymisjon vart ho kjend med då ho gjekk på Fyllingsdalen vidaregåande skule. Då kom ein av dei tilsette på besøk på skulen og fortalde om organisasjonen.  – Eg vart veldig interessert, og vart mellom anna med i noko som heiter Unge Kvinners Treff. Då hadde eg fleire aktivitetar etter skulen, og det saknar eg no. Det er viktig å skaffe seg eit nettverk der ein bur, og gjere nytte for seg.

- Det er vanskeleg med norsk, men eg vil lære! Vi må lære kvarandre om språk og kultur. Nordmenn er litt forsiktige, og ikkje så lett å bli kjent med. Men der eg budde før, banka eg på hos naboane og fortalde at eg var ny. Eg spurde om hjelp til å få installert internett … slike ting. Slik vart vi kjende med kvarandre. Ei norsk dame inviterte meg på julemiddag, det var veldig kjekt. Eg inviterte dei andre til kaffi og kjeks, smiler Melete.

Hybelen hennar i Odda er spartansk innreidd, med seng, bord og sofa. Ingen TV, men ein PC har ho. – Og det tar berre to minutt å gå til skulen!

Mykje er annleis i Odda enn i Bergen, men Melete set pris på den fine naturen her.

– Eg er glad i å gå på tur. Men eg greier ikkje gå på ski, vedgår ho. Jogging, handball og fotball, derimot, det liker den spreke jenta. Kan hende finst det eit idrettslag som har plass til henne?

Eritrea:

· Sjølvstendig land frå 1991

· Kring 5 millionar innbyggarar

· Totalt har over 500 000 menneske flykta frå landet. Berre i 2017 flykta 60 000.

· Eittpartistat, leia av diktatoren Isaias Afewerki sidan 1991

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken