Vi krev KVU på arm frå E134 til Bergen no!

Arm til Bergen, ulike alternativ. Kart

Arm til Bergen, ulike alternativ. Kart

Av

Det er no snart tre år sidan Statens vegvesen la fram sin Øst–Vest-utredning.

DEL

MeiningarDeira krystallklåre tilråding var at E134 med «arm mot Bergen» vart gjeven høgaste prioritet. Vegvesenet tilrådde òg ei KVU-utgreiing av armen. Regjeringa valde likevel å setje dette på vent inntil ein hadde greidd ut om Rv7 eller Rv52 skulle verte den andre hovudvegen mellom Vestlandet og Austlandet.

Den utgreiinga førte til at Rv52 vart vald som den andre hovudvegen for næringstrafikk, i tillegg til E134, medan Rv7 vart vald som hovudveg for persontrafikk.

Det er svært viktig å gjennomføre ein KVU på «armen til Bergen» no – slik Vegvesenet tilrådde for nærare tre år sidan – slik at utgreiinga er ferdig i god tid før neste NTP-rullering i 2021. Alle dei politiske partia i Hordaland støttar dette; i valkampen uttalte alle representantar som kom inn på Stortinget frå Hordaland (bortsett frå tre kandidatar som ikkje svarte), at dei støttar ei KVU på «armen til Bergen».

Når det gjeld «arm mot Bergen» vil vi påpeike:

• Utrekningar frå Vegvesenet viser at E134 over Haukeli åleine vil gje ein samfunnsøkonomisk vinning på 26 milliardar kroner.

• Heile 14 milliardar kroner av dette er takka vere «armen til Bergen».

• NHO, LO, Norsk industri, Norges Lastebileier-Forbund og mange fleire støttar dette.

Kartet viser dei tre hovudalternativa for «armen til Bergen», og for kvar av desse er det alternative detaljar. Det nordlege alternativet går frå Jondal via Kvam og Samnanger, med kopling til E16 mellom Bergen og Voss. Det midtre alternativet går frå Jondal via Fusa og Os, med kopling til E39 mellom Os og Bergen. Det sørlege alternativ (Sunnhordlandsdiagonalen) går frå Seljestad i Odda via Husnes, med kopling på E39 mellom Stord og Os.

Alle kommunar som vil verte råka av «armen til Bergen», er samde om at det no må tingast ei KVU-utgreiing, så vi får avklara kor armen skal gå. Dette er særs viktig då valet vil avgjere fleire andre investeringar i tilknyting til armen.

Vi har full tillit til at Statens vegvesen gjer ei god og grundig utgreiing, som så vert lagd til grunn for val av den endelege traseen.

Peder Sjo Slettebø

Kvinnherad kommune

Roald Aga Haug

Odda kommune

Atle våle

Fusa kommune

Jon Larsgard

Jondal kommune

Jostein Ljones

Kvam herad

Knut Harald Frøland

Samnanger kommune

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags