Sjukehuset er ei av hovudsakene 1. mai

1. mai 2017: Rekordstort oppmøte for å redde sjukehuset. Arkivfoto: Eli Lund

1. mai 2017: Rekordstort oppmøte for å redde sjukehuset. Arkivfoto: Eli Lund

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Korrigering om Odda Sjukehus og 1.mai

DEL

MeiningarI eit innlegg i Hardanger Folkeblad 23.april, syns Marion Dagestad det er trist at kampen for Odda sjukehus ikkje skal vere ei hovedsak i 1.mai-toget i år – og ikkje ei viktig nok sak for 1.mai-komiteen i LO i Indre Hardanger.

Dette er direkte feil.

I oppslaget om 1.mai i Odda i Hardanger Folkeblad 20.april går det klårt fram at fortsatt mobilisering for Odda sjukehus er ei av hovedsakene våre. Dette har ho vorte informert om og har informert henne om at det skal verta ei stormobilisering for sjukehuset til hausten.

Fikk godkjent «Nei til kraftverk»-parole. Nå håper de på stor oppslutning i årets 1.mai-tog 

Grunnen til ei stormobilisering og ein storaksjon vert utsett til hausten, det er pga at ein treng meir info om kva som skal skje på sjukehuset, det er ikkje klart endå. Me må få ut ein takkevideo som me ventar på at årsmøtet skal gje klarsignal på at me kan legge ut på nett. Denne videoen er viktig pga når ein skal ha ein storaksjon treng ein god økonomi, det har ikkje me no, og er difor avhengig av støtte.

Det krev også mykje og nøye planlegging og då treng ein betre tid, då det har vore mykje anna som har teke tid i det siste. Men LO i Indre Hardanger, Oddas befolkning og resten av Odda Sjukehus sitt område brenn for sjukehuset sitt og kjem til å kjempa for dette til siste nikk. Kampen for Odda sjukehus blir og ei hovedsak på årsmøtet i LO i Indre Hardanger 25.april. Og før 1.mai-toget vil leiar i LO i Indre Hardanger, Terje Kollbotn, halde sjukehusappell. Den bør alle lytte til.

Vonar at folk kjem på 1.mai og går med paroler i toget!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags