God jul!

No er det tid for å byggja ein attraktiv kommune som kan trekka til seg unge, kompetente menneske som har lyst til å bygga og bu i Hardanger, skriv redaktør Trygve D. Syse.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Trygve D. Syse

Trygve D. Syse (Foto: )

DEL

Hold deg oppdatert på hva som skjer - bli abonnent på HF+ i dag!

MeiningarDet er litt underleg å sitja her og skriva den siste julehelsinga som redaktør i Hardanger Folkeblad. Men eg har ikkje tenkt å dra på ei nostalgisk  reise til den gongen alt gjekk til himmels og annonsørane stod i kø utanfor avisdøra. Eller den gong vi var redde for å klyva over  opplagsgrensa på 6 000 eksemplar, for då mista vi pressestøtta.

Hardanger Folkeblad er i høgste grad oppegåande og i god form. Økonomien er i orden trass nedgang i annonseinntektene, og vi har i år ein auke på over 60 prosent på digitale abonnement.

Det lar seg høyra i desse kritiske tider for mediebransjen.

Men som det heiter på leiarspråket - det er rom for forbetringar. Men den stafettpinnen kjem eg til å overlata til andre. Eg ønskjer alle mine gode medarbeidarar ei riktig  god jul og  lukke til vidare.

Elles har vi her i avisa vore mykje opptatt med kommunesamanslåing i år. Eg er personleg særs nøgd med at ein etter mykje om og men er komne fram til at Odda, Ullensvang og Jondal skal slå seg saman til ein kommune.

Og om det er lov  så har eg eitt serie-juleønskje for åra fram mot 2020. At dei som vert peika ut til konkret å gjera jobben med å sy i hop desse tre kommunane, verkeleg vil få noko til som gjer at to pluss to vert fem.  At ein no tar ein liten pause ser eg på som berre positivt. Men når ein er komen i gang håpar eg at ordet «raus» vil prega prosessen.

No er det tid for å byggja ein attraktiv kommune som kan trekka til seg unge, kompetente menneske som har lyst til å bygga og bu i Hardanger.

Eg trur nemleg ikkje at dei er særleg opptekne av asfalt, fjellovergangar, bruer og tunnelar.

At ein her inne kan kombinera friluftsliv, jakt, fiske og meir urbane syslar med attraktive jobbar. Eg har klokketru på at desse tre kommunane har komplementære fordelar, som det heiter, og at resultatet kjem til å verta svært bra om vi er villige til å dela kompetanse og å dra lasset i lag.

God jul!

Artikkeltags