Det er ingen skam å snu, Odda

I november hadde alle kulturskulane i regionen konsert i Eidfjord. - Det var med stor undring me las i HF om dei store, og alvorlege forslaga til kutt i kultursektoren i Odda kommune, skriv artikkelforfattarane.

I november hadde alle kulturskulane i regionen konsert i Eidfjord. - Det var med stor undring me las i HF om dei store, og alvorlege forslaga til kutt i kultursektoren i Odda kommune, skriv artikkelforfattarane. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Rektorane ved kulturskulane i Jondal og Ullensvang: Kulturbyen Odda ?

Det var med stor undring me las i HF om dei store, og alvorlege forslaga til kutt i kultursektoren i Odda kommune. Ei nedskjering på om lag ein tredel av Odda kulturskule vil ikkje berre råka innbyggjarane i Odda, men òg i nabokommunane på sikt ;

Ullensvang kjøpar dirigenttenester til Nå Musikklag hjå Odda kulturskule. Dette gjev musikklaget god fagleg leiing, kontinuitet og gjer det mogleg å planleggja ulike samarbeidsprosjekt langt fram i tid. Ullensvang nyttar seg òg av ein av Odda kulturskule sine songpedagogar, både ved individuell songopplæring og som kordirigent. Om rådmannens budsjettframlegg går igjennom, fryktar me at me vil missa desse fagpersonane og kompetansen dei har. Odda kulturskule har eit ambulerande prosjekt i barnehagane kor dei nyttar seg av ein av lærarane som kjem frå Jondal. Bygging av større stillingar i kulturskulane er noko kulturskulerektorane er særs opptekne av ; La fagpersonar som har naudsynt og ettertrakta kompetanse få ei stilling det går an å leva av.

I intensjonsavtala for samanslåinga av Odda, Jondal og Ullensvang står det i punkt 6.8 ; «Den nye kommunen skal ha eit godt kulturskuletilbod». Med eit slikt drastisk forslag til kutt i har Odda kulturskule er vel dette neppe eit steg i rett retning.....

Odda kulturskule er ein av landets eldste kulturskular, og har vore ein drivkraft på musikkfronten i Hardanger-regionen i ei årrekkje. Det er ikkje mange kulturskular i regionen med så høg kompetanse i kollegiet som det Odda har, og med framlegg om ei så radikal nedskjering er me redde for at verdfull kompetanse kjem til å forsvinna frå regionen.

Kulturskulerektorane i Odda, Jondal og Ullensvang har allereie hatt fleire møter i samband med kommunesamanslåinga, og byrja tenkja på framtidige samarbeidsprosjekt for å gje elevane våre enda betre tenester / tilbod, samstundes som me vil styrkja venskapsbanda på tvers av kommunegrensene.

Dette var ei av hovudårsakane til at me søkte om å få verta med i prosjektet « Syngande kommunar.» I sterk konkurranse med over 20 kommunar i Noreg vart Odda, Jondal og Ullensvang vald ut saman med fem andre kommunar.

Me har stor tru på at kultur er eit grunnleggjande og naudsynt behov for eit kvart individ i ei eller anna form, og synest det er trist om dette framlegget går igjennom.

Den siste tida har det vore mykje ver, og da kan det jo passa å runda av med ein av dei gode, gamle fjellvettreglane ; «Det er inga skam å snu!»

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags