Me sjekka bussrutene, men det gjekk ikkje ein einaste buss. Då vart me sitjande utan å kome oss nokon plass

Bussrutene her er retta mot ungdomen fordi me ikkje har moglegheit til å køyre sjølv, og burde difor blitt tilrettelagde for oss, skriv Marthe Elina H. Åkre og Idunn Sivertsen.

Bussrutene her er retta mot ungdomen fordi me ikkje har moglegheit til å køyre sjølv, og burde difor blitt tilrettelagde for oss, skriv Marthe Elina H. Åkre og Idunn Sivertsen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Me ynskjer fleire bussruter!

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Me er to jenter som bur på vestsida av fjorden. Ein laurdag føremiddag, me var begge heime aleine, funderte me på om me skulle finne på noko i lag.

Me sjekka bussrutene, men det gjekk ikkje ein einaste buss mellom 11:25 og 18:25 frå Utne, altså eit tidsrom på 7 timar!

Då vart me sitjande, hadde inga moglegheit for å kome oss nokon plass.

Me ynskjer fleire bussruter, men det er spesielt på laurdagar me har behov for dei! Dessutan treng me òg fleire bussar som går vidare utover mot Jondal, og ikkje berre stoppar på Utne.

Det viktigaste for oss er å få fram at me vil ha fleire bussruter på laurdagar og at bussane burde gå lenger enn til Utne for at alle skal få eit mest mogleg likt tilbod.

Marthe Elina H. Åkre og Idunn Sivertsen

Bussrutene her er retta mot ungdomen fordi me ikkje har moglegheit til å køyre sjølv, og burde difor blitt tilrettelagde for oss. Me synest det går alt for lite bussar på laurdagar. Me har ikkje behov for fem bussruter på sundagar, men heller fem bussruter på laurdagar då det ofte skjer ting i Odda osv.

Bussruter, laurdagar:

Frå Utne til Odda

09:35-10:25

11:25-12:15

18:25-19:15

Frå Odda til Utne

10:35-11:25

13:35-14:25

17:35-18:25

Det me vil vise med desse busstridane er at det ikkje går nokon bussar mellom 11:25 og 18:25. Det er det me kunne tenkje oss ei endring på.

Ei anna sak er at ungdomen er avhengig av at foreldre kan køyre og får difor mindre moglegheiter. Då tenkjer me kanskje spesielt på dei utover mot Alvsåker og Lilleås.

Det er ikkje alle som har foreldre som har moglegheit eller kapasitet til å køyre borna sine rundt til ei kvar tid. Me har ein del vener utover der.

Me spurte dei om bussruter og om lang veg set begrensningar for dei.

 Me fekk til svar at «ja, av og til så set det begrensningar for oss viss det skjer ting i Odda eller andre plassar. Me kjem oss liksom ingen veg».

Frå Jondal til Odda (via Utne)

Laurdag: 08:20-10:25

Sundag: 17:15-19:15

Frå Odda til Jondal (via Utne)

Laurdag: 13:35-15:40

Sundag: 17:35-19:25

I vekedagane går det berre ein buss til og frå Jondal bortsett frå skulebussane.

Det viktigaste for oss er å få fram at me vil ha fleire bussruter på laurdagar og at bussane burde gå lenger enn til Utne for at alle skal få eit mest mogleg likt tilbod.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags