God utvikling i fruktdistriktet

Stempel: Olav Bleie brennstemplar eigne kassar og korkar.

Stempel: Olav Bleie brennstemplar eigne kassar og korkar. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeiarEr det noko dagens regjering skal ha ros for, er det at dei klarte å opna opp for gardssal av alkohol opp til 22 prosent. Allereie eitt år etter at endringa tredde i kraft, kan vi sjå at lokale produsentar trefte nye marknadar og at fleire vil ha produkta dei før vart nekta å selja.

Fleire regjeringar forsøkte lenge å gjera noko med lovverket, men det var først i inneverande regjeringsperiode ein «fann ut» at det faktisk var mogleg for siderprodusentar å selja sider over 4,7 volumprosent.

– Ei opning i nisjesalet for desse produkta kan gje gode og spennande moglegheiter for produktutvikling og innovasjon i Noreg, uttala landbruksminister Sylvi Listhaug (FrP) til VG i 2015 like før saka skulle på høyring. Mykje tydar på at ho fekk rett.

I førre veke skreiv vi om Olav Bleie som no sel mellom 500 og 1000 flasker sider frå garden kvar månad. Nesten eitt år etter at han byrja å selja eigenprodusert eplesider til forbipasserande, har han no bestemt seg for å utvida produksjonslokalet frå 50 til 200 kvadratmeter.

Dette er berre eitt av fleire eksempel som viser at det var heilt riktig å opna opp. Før 2015 vart det produsert godt over 100 000 liter sider i Noreg, det aller meste i Sogn og i Hardanger. Då vart alt selt gjennom Vinmonopolet eller på restaurantar og andre stader med skjenkeløyve. Kor stort potensialet eigentleg er, veit vi enno ikkje, men at det her ligg store moglegheiter for å trekkja fleire turistar til Hardanger er heva over ein kvar tvil. Produktet er unikt, og med aukande etterspurnad handlar det for bøndene som satsar i dette segmente, mest om å posisjonera seg slik at dei kan dekkja etterspurnaden.

Då handlar det, slik vi ser det, og om å auka den generelle produksjonen av frukt. Dei siste åra har det vore gjennomført fleire prosjekt som tar sikte på produksjonsauke og no er eit nytt prosjekt, Forsk smart, i gang. Det vil sjølvsagt ta tid før ein ser resultat, spesielt når målsettinga er å mangedobla produksjonen per dekar. Uansett kan vi slå fast at det no er ei god utvikling i fruktdistriktet Hardanger.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags