- Naturen nord for Fonna er av høg vernemessig verdi

Senterungdom: Sekretær Tiril Eiken, leiar Silje M. Fjærtoft og kasserar Pauline Kvåle i Ullensvang Senterungdom. Foto: Privat

Senterungdom: Sekretær Tiril Eiken, leiar Silje M. Fjærtoft og kasserar Pauline Kvåle i Ullensvang Senterungdom. Foto: Privat

Av
DEL

Ullensvang Senterungdom:FNs klimapanel kom nyleg ut med ein rapport som seier at overgangen frå fossil til fornybar energi må gå fortare. Allereie i 2050 må så mykje som 70–85 % av elektrisitetsproduksjonen i verda vera fornybar. Klimapanelet oppmodar til ekstreme tiltak, men tiltaka må vera langsiktige og ikkje gå på kostnad av naturen og klimaet. I eit slikt perspektiv er det nærast uråd å argumentera mot vindmøller. Ein kan berre argumentera for eller mot kvar dei bør plasserast.

Frå 80–90 talet og til i dag er arealet med inngrepsfri natur i Noreg nærare halvert. Berre 12 % av landet vert rekna som villmarksprega. I Sør-Noreg vert berre 4,9 % rekna som villmarksprega. Inngrepsfrie soner er ifølge miljødirektoratet område som ligg meir enn ein kilometer i luftlinje frå tyngre installasjonar. Området frå Saksaklepp i sør til Grimsnuten i nord og Vatnasetenuten i vest er eit slikt område, og her ligg eit av NVE sine 43 analyseområde for vindkraft i Noreg.

Vindmøller påverkar i stor grad leveområde for forskjellige artar. Store inngrep som ein vindmøllepark vil og påverka naturen si evne til å tilpassa seg klimaendringar, og kan dermed verka mot si hensikt. Slike inngrep er irreversible, og det naturlege mangfaldet vil aldri kunna attskapast etter store inngrep i naturen.

Naturen på Folgefonnhalvøya nord for Fonna er ikkje urørt, men er likevel av høg vernemessig verdi ettersom store delar av arealet er klassifisert som inngrepsfritt. Arealet er og særleg sårbart då det er avgrensa av fysiske hinder som fjordar og fonn. Dermed vil eit inngrep her påverka heile området og levekåra for alt liv som er her.

Urørt natur er ei mangelvare til liks med energi. Klimakrisa og energimangelen er eit globalt problem og ikkje noko som kan løysast verken lokalt eller nasjonalt. Dersom ein skal ta meir natur til utbygging av energi må ein sjå mykje vidare på det enn NVE sine 43 område. Ein må ta dei områda i verda der ein får mest energi ut av minst mogleg øydelegging av natur.

Vindforholda til havs er meir egna for energiproduksjon enn vindforholda på land. På global basis vil vindmøller til havs kunna produsera 14 000 TWh i året. I 2017 var den totale produksjonen av elektrisk kraft i verda 25 570 TWh, der 37 % kom frå kol. 9 461 TWh med fossil energi frå kolkraftverk vil då teoretisk sett kunna erstattast av vindmøller til havs.

At utbygging til havs er meir kostbart enn utbygging på land er ikkje eit argument. Verda manglar ikkje økonomiske ressursar, me manglar vilje og evne til å nytta dei på ein måte som sikrar oss livsgrunnlaget.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags