I Ullensvang har det meste blitt lokalisert til Kinsarvik og vestsida er utarma

Alle er nå einige om at Odda skal væra eit sterkt sentrum, men vi skal også ha utvikling i bygdene, skriv Amund Velure.

Alle er nå einige om at Odda skal væra eit sterkt sentrum, men vi skal også ha utvikling i bygdene, skriv Amund Velure. Foto:

Av

Røyst for framtida, ikkje fortida!

DEL

LesarbrevI Bergens Tidende på laurdag var det ein veldig god kronikk med analyse av valet i Ullensvang kommune.
Overskrifta var som venta den kjente visjonen «Jævla bra kommune»


Og det blir konkludert med at den viktigaste konfliktlinja i Ullensvang kommune ikkje er bygd mot by, men fortid mot framtid.


Og då er det ordførarkandidaten til Arbeidarpartiet, Roald Aga Haug, som står for framtida.
Han vil binda saman dei tre kommunane, satsa på fellesskap og sjå framover.
På den andre sida står dei som vil sjå bakover, ha alt som før, og kjempa for dei gamle kommunane.
Det er spesielt sentralisering dei er imot, men det er også Arbeidarpartiet imot
I programmet vårt står det mellom anna at vi skal ta heile Ullensvang kommune i bruk!
Det står også spesifisert i intensjonsavtalen at tenestene skal væra desentraliserte.
Og i Odda har det vore ein mykje meir desentralisert politikk enn i Ullensvang.


I Ullensvang har til dømes det meste blitt lokalisert til Kinsarvik og vestsida er utarma.
Tidlegare var det ein sterk kamp mellom austsida og vestsida i Ullensvang, og ein slik kamp vil den minste tapa på sikt.


Så derfor for vi håpa at det ikkje blir ein kamp mellom dei tre gamle kommunane, det vil væra negativt for Ullensvang kommune. Vi for håpa at dei fleste vil sjå framover ikkje bakover!


Alle er nå einige om at Odda skal væra eit sterkt sentrum, men vi skal også ha utvikling i bygdene!
 

Med Roald si lange politiske røynsle, kunnskap og det som er vist i siste periode skulle alt liggja til rette for ei god utvikling. Intensjonsavtalen viser at han i alle fall er raus i høve til dei to minste kommunane.
Så for vi håpa på at det blir samarbeid, fellesskap, optimisme og ein positiv haldning slik at vi saman kan arbeid for framtida i Ullensvang kommune

Godt val!
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags