Redaktører protesterer mot ny postlov

Redaktør: Eivind Dahle Sjåstad (arkivfoto)

Redaktør: Eivind Dahle Sjåstad (arkivfoto) Foto:

Av

Redaktørar i aviser over heile landet fryktar for framtida dersom det blir kutt i mengda postomberingsdagar.

DEL

– Vi fryktar at kutt i postomberinga vil bety kroken på døra for mange av lokalavisene i landet, seier leiar i Landslaget for lokalaviser (LLA) Rune Hetland i ei pressemelding, ifølgje M24.

LLA har gått saman med avisene Klassekampen og Nationen om kampanjen «Avisa skal fram». Kampanjen kjem i samband med forslaget til ny postlov, som no er ute på høyring. I dag leverer Posten 173.000 aviser på kvardagar i område der det ikkje finst avisbod, men i forslaget til ny lov blir lagt det ifølgje kampanjen opp til at avisene berre i snitt skal leverast 2,5 dagar i veka.

I samband med kampanjen har over 80 avisredaktørar frå heile landet signert eit opprop for framleis avislevering.

Redaktør i Hardanger Folkeblad, Eivind Dahle Sjåstad, er ein av dei som har signert oppropet.

– Vi krev at avisa skal fram, òg i distrikta. Avisene er med på å halde Noreg saman og bidreg til at ulike stemmer i heile landet høyrer og forstår kvarandre, seier Hetland.

(©NPK)

Artikkeltags