Frå fotoutstilling til praktikant i NRK

Klar: Ådne S. Dyrnesli ser fram til praksistida i NRK, men først er det fotoutstilling i Agatunet som står for tur.

Klar: Ådne S. Dyrnesli ser fram til praksistida i NRK, men først er det fotoutstilling i Agatunet som står for tur. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Ein fantastisk moglegheit, seier Ådne S. Dyrnesli (23) frå Kinsarvik som skal vera praktikant i NRK til hausten.

DEL

Frå august fram til jul, skal Ådne Sandvik Dyrnesli vera praktikant hjå NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Her skal nynorskbrukande, kommande journalistar lærast opp for radio, fjernsyn og nett. Blant 29 søkarar var Ådne ein av fem heldige som fekk tilbodet om plassen.

– Eg gjekk veldig opent inn i dette. Dei leitte etter folk som ville realisera journalistdraumen. Eg sjølv er ikkje sikker på om eg vil verta ein sånn «typisk journalist», men når eg fekk tilbodet måtte eg takka ja. Eg ser ein fantastisk moglegheit til å få ein fot innanfor NRK, seier Sandvik Dyrnesli.

Han har studert fotografi ved Nordic School og Photography i Oslo, samt eitt år med kunsthistorie på Universitetet i Oslo. Det siste året har han budd i Naddvik i Årdal der han har jobba med eigne fotoprosjekt.

– Eg gler meg til å læra ting eg ikkje kan. Både radio og fjernsyn er nytt for meg. I tillegg er det betalt opplæring, og eg får status som internsøkar i NRK i ettertid. Eg har alltid hatt lyst til å jobba i NRK, fortel Dyrnelsi vidare.

Jobba med historier

Etter at praktikantane er ferdige med opplæringa, skal dei ha ekstern praksis i andre redaksjonar.

– I Førde veit eg at det vert mykje nyhendejournalistikk. Eg er eigentleg ikkje så gira på det, men ser at eg må gjennom det først. Eg håpar at eg i framtida får lov til å gjera det eg liker. Eit langsiktig mål er å få jobba med dokumentariske historier over lenger tid, der eg får møta folk og utforska, legg han til.

Fangar «ferjestemning»

Om litt er Ådne S. Dyrnesli aktuell med ny fotoutstilling. Frå 11. juni fram til august skal bilda hans pryda veggane i Agatunet. Utstillinga har han kalla for «Kvardagens ferjereiser». Ideen fekk han etter han ein dag gjekk ut av bilen på ein ferjeovergang og bestemte seg for å fotografera heile turen.

– Dette prosjektet har eg arbeida med det siste halvåret. Bilda har eg teke på ferjer både heime i Hardanger, i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal, fortel Dyrnesli.

Han peiker på at fleire ferjer vert erstatta av bruer og nye vegar, og at han har tenkt på kva me går glipp av dersom ferjene forsvinn.

– Eg reknar med at det har vorte om lag femti ferjeovergangar i arbeidet med dette prosjektet. Eg håpar eg har klart å fanga stemninga som er på ferjene, seier han.

Artikkeltags