Harald og Caroline opna dørene for bygdefolket – Skal pusse opp 130 år gamalt gjestgiveri

Snart skal dei nye eigarane av Sundal Gjestgiveri pussa opp til sommarsesongen. Men fyrst inviterte dei til ope hus, slik at både folk i Sundal og alle andre som ville, kunne få ein kikk på huset slik det står i dag.