– Falsk forhåpning i Mauranger?

Bernth Harry Eliassen (Ap) spurde om politikarane hadde gitt falske forhåpningar til innbyggarane i Mauraungar.

Bernth Harry Eliassen (Ap) spurde om politikarane hadde gitt falske forhåpningar til innbyggarane i Mauraungar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Under formannskapsmøtet i Kvinnherad torsdag spurde Bernth Harry Eliassen (Ap) kva som skjedde med utvikling av byggefelt i Mauranger, då politikarane hadde vore i møte der i fjor. Eliassen lurte på om dei hadde skapa forhåpningar utan grunn. Det skriv Kvinnheringen.

Rådmannen svara at ein ikkje klarar å få til eit byggefelt, men at dei prøver på enkelttomter. Han sa også at det er mykje areal som ikkje er regulert til byggeland, og at nesten heile Austrepollen er omsynssone, men at ein kanskje kan få regulert om eit lite stykke som no er regulert til næring.

Denne saka er henta frå Kvinnheringen.

Artikkeltags