Mann sendt til Haukeland etter leiteaksjon

Ein mann i 20-åra blei sendt til Haukeland universitetssjukehus natt til søndag etter å ha kome noko ut av kurs på fjellet på veg frå Geilo til Kinsarvik.

DEL

23:21 laurdag kveld fekk politiet kontakt med ein mann i 20-åra som var kome noko ut av kurs, då han var på fjelltur på veg mot Stavali og Kinsarvik.

— Han er godt utstyrt og har god dekning på mobiltelefonen, men er kald. Det er skodde og dårleg sikt. Fire frå Røde Kors i Odda og Kinsarvik på veg mot vedkommande, melder Vest Politidistrikt klokka 03:00 natt til søndag.

Mannen i fjellet var åleine, og hadde starta turen på Geilo. Politiet hadde jamleg telefonkontakt med han og meldte rett etter klokka 3 at mannen no oppheldt seg i ein kjent posisjon, og at Røde Kors truleg ville kome fram til han mellom 07:30 og 08:30.

03:45 fekk politiet melding frå Røde Kors om at skodda var i ferd med å lette i området, og luftambulanse vart sett inn for å forsøke å nå fram til mannen.

— Luftambulansen fekk nokre utfordringar med å ta seg inn i området på grunn av skiftande vêrforhold, men fann mannen om lag klokka 05:00. Han var då lett nedkjølt og vil bli flydd til Haukeland universitetssjukehus, melder Vest politidistrikt klokka 05:18.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken