(Avisa Hordaland)

Laurdag kveld klokka 22:59 opplyste Vest politidistrikt at det tidlegare på kvelden vart funnen ein livlaus person ved ein skuter langs Grønlivatnet i Voss herad.

– Det kom inn melding i 20:30-tida, og det vart straks sendt ut ei rekkje ressursar til staden. Mannen vart erklært død på staden, sa operasjonsleiar hjå Vest politidistrikt, Eirik Loftesnes, til Hordaland like etter klokka 23:30.

Mannen er ifylgje politiet heimehøyrande i Voss herad. Pårørande er varsla.

Ingeborg Drægebø, politiadvokat og jourhavande jurist i Vest politidistrikt, seier til Hordaland sundag føremiddag at det i loggen er opplyst om at det var sambuaren til mannen som fann han.

Drægebø kan ikkje kommentera saka ytterlegare, og viser til at tilsette ved Voss politistasjon er tilbake på jobb måndag.

– Politiet mistenkjer ikkje at noko kriminelt har skjedd.

Veit ikkje årsaka

Så langt veit ikkje politiet kva som er årsaka til ulukka, eller akkurat kor tid ulukka skjedde.

– Mannen vil bli obdusert, snøskuteren er teken inn av politiet og det er oppretta sak, opplyste operasjonsleiar Loftesnes.

– Etter dei opplysningane me har no, så står det fram som ei ulukke, la han til.

I ei pressemelding sundag i 10-tida stadfestar politiadvokat Drægebø at mannen vil bli obdusert for å finna ut av kva dødsårsaka er.

Naudetatar og luftambulanse vart sende til staden.

Rundt midnatt var politiet ferdige med undersøkingar etter ulukka. Det er kontoret på Voss som etterforskar vidare.

Les også: Voss herad har aktivert kriseteamet

Observerte helikopteret

Ein hyttenabo observerte luftambulansen som kom laurdag kveld.

Vedkomande såg at det var folk, og at det var skuterar som køyrde fram og tilbake i området.

Hendinga skal ha skjedd eit stykke frå bilveg.