Mange tilbyr husrom

Kan verta mottak: Institusjonen Jonatunet vart lagt ned 2009. I desember 2014 tok Hardangerakademiet over. Hardangerakademiet for fred, utvikling og miljø er ein ideell organisasjon, dei har hatt årlege sommarsymposium i Jondal sidan 2005. Asylsøkjarar kan få mellombels bustad her i nokre månadar. Arkivfoto: Jondal kommune

Kan verta mottak: Institusjonen Jonatunet vart lagt ned 2009. I desember 2014 tok Hardangerakademiet over. Hardangerakademiet for fred, utvikling og miljø er ein ideell organisasjon, dei har hatt årlege sommarsymposium i Jondal sidan 2005. Asylsøkjarar kan få mellombels bustad her i nokre månadar. Arkivfoto: Jondal kommune

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Eidfjord Gjestgiveri i Øvre Eidfjord er aktuelt som asylmottak for opp mot 18 personar. I Jondal er heile seks ulike lokale rapportert inn som aktuelle.

DEL

– Me har sagt me er opne for å tilby mellombels bustad i opp mot nokre månader. Truleg har me plass til 20–30 personar, som kan få rom med dusj og toalett på gangen, seier Vidar-Rune Synnevåg i Hardangerakademiet. Men fredag ettermiddag hadde han enno ikkje fått tilbakemelding frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Fordi situasjonen med innkvartering av asylsøkjarar er prekær, sende Fylkesmannen i Hordaland ut brev til alle kommunane og bad dei rapportera inn ledige lokale.

Rådmannen i Eidfjord hadde kort frist på seg frå ho fekk brevet til svarfristen, 22. oktober.

– Me konkluderte med at kommunen ikkje har eigne lokale som er aktuelle. Deretter tok me nokre telefonar til privatpersonar, og fekk ja frå Eidfjord Gjestgiveri i Øvre Eidfjord, seier Aud Opheim Lygre.

Har ni rom

Gjestgiveriet kan ta imot 18 personar fordelt på ni rom. Her er ikkje trong for bruksendring for i sommarsesongen er gjestgiveriet nytta til overnatting og servering av turistar. Restauranten i gjerstgiveriet er open frå mai til september.

UDI har trong for lokale både for kort bruk og for meir langsiktige opphald. Og dersom UDI ynskjer å nytta innrapporterte lokale som mottak for asylsøkjarar, vil kommunen verta kontakta og informert som vanleg ved oppretting av mottak.

Rådmannen i Eidfjord hadde fredag føremiddag ikkje fått tilbakemelding frå UDI.

– Kva plikter får kommunen dersom det kjem mottak?

– Me har plikt til å tilby helsetenester, svarar Opheim Lygre.

Ifølgje brevet frå Fylkesmannen i Hordaland, har barn og vaksne som bur i asylmottak på fleire område dei same rettane som andre innbyggjarar i kommunen. Kommunen har då ansvar for å gje dei gode og likeverdige tilbod. På nokre område har asylsøkjarar på mottak andre eller færre rettar enn resten av befolkninga. Både helse, barnevern, skule, barnehage og verjemål vil til dømes vera område som kan vera aktuelle for dei som bur på mottak.

Mange lokale i Jondal

Frå Jondal kommune er det rapportert inn ei heil rekkje lokale som kan vera aktuelle som asylmottak:

  • Skulen på Kysnes 
  • Hardangerakademiet i det tidlegare Jonatunet
  • Vassel gard i Herand
  • Gjestetunet i Jondal sentrum
  • Flatabø overnatting i Krossdalen
  • Bakketun i Herand

Alle rapportert inn av kommunen, etter avtale med eigarane.

Jondal kommune oppgir òg ulike forsamlingshus som kan vurderast, men desse manglar ein del fasilitetar.

Rådmannen i Jondal, Siv Helle Prestegard, kan fortelja at ingen av dei innrapporterte lokala er i kommunal eige.

– Skule og barnehage har ledige plassar, men bemanningsmessig vert det eit anna spørsmål. Vårt fokus no er på busetjing av flyktningar, seier ho.

Jondal kommune reknar med å ta imot dei første flyktningane i november eller desember.

Ho veit enno ikkje nøyaktig når flyktningane kjem òg kor mange som kjem i første omgang. Politikarane har vedtatt å ta imot 30 flyktningar over tre år. Desse skal bu i hus kommunen skal leiga av privatpersonar. Hardangerakademiet er eitt av dei kommunen har fått tilbod om å leiga til flyktningar for ein kortare periode. I første omgang jaktar kommunen etter hus som ligg i gåavstand til skulen og barnehagen.

Kommunen har tilsett Trine Vik som flyktningkoordinator.