– Mange av dei som kjem har ein god idé. Utfordringa er at dei ikkje skjønar systemet vårt
Mange av innvandrarane som har kome til Ullensvang har allereie mykje av det som skal til for å starta eiga bedrift, men treng hjelp til å forstå lover, reglar og det norske systemet. Dette vil Næringshagen i Ullensvang og Flytningtenesta no samarbeida om å hjelpa dei med.